Hopp til innhold
X
Innhald

Karelianismen

Karelianismen, kunstretning frå 1890-åra til om lag 1920.

På grunn av krigen i 1808–09 vart Finland skilt frå Sverige for å bli autonomt storfyrstedømme under keisar Aleksander I av Russland. Mot slutten av 1800-talet begynte Russland å kneble sjølvstyret til Finland. Kunstnarane gjorde då felles front mot undertrykkinga. Den nasjonale identiteten var sterkt knytt til Kalevala som er sett saman av folkedikt som er funne i Karelen. Mange kunstnarar gjennomførte reine pilegrimsvandringar til Karelen, der det «ekte finske» framleis var å finne. I litteraturen er Juhani Aho og Eino Leino, i musikken Jean Sibelius, i arkitekturen Eliel Saarinen og i biletkunsten Akseli Gallén-Kallela dei viktigaste representantane for karelianismen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.12.2017
Sist oppdatert: 06.12.2017