Hopp til innhold
X
Innhald

Kiila-gruppa

Kiila-gruppa (’Kilen’ på norsk), forfattargruppe som vart grunnlagd av dei venstreintellektuelle i Finland i 1936.

Føremålet var samfunnskritikk og konkrete angrep på mangelen på rettferd i det borgarlege samfunnet. Førebileta var mellom andre russiske revolusjonspoetar og svenske proletarlyrikarar. Dei viktigaste lyrikarane var Viljo Kajava og Arvo Turtiainen, og den viktigaste prosaforfattaren var Elvi Sinervo.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.12.2017
Sist oppdatert: 06.12.2017