Hopp til innhold
X
Innhald

Maria Jotuni

Maria Jotuni, 1880–1943, finsk forfattar.

Ho var ein naturalistisk farga, realistisk forteljar som også var samfunnskritisk – særleg i kvinnespørsmål. Samtidig var ho ein framifrå psykolog på det erotiske området. Hovudverka hennar er Kjærlighet (noveller, 1907) og romanane Hverdagsliv (1909) og Det vaklende huset (1963, posthumt) om finske bysamfunn i mellomkrigstida. Fleire norske teater har sett opp tekstane hennar på scene, med tittelen Når ein har kjensler.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.12.2017
Sist oppdatert: 06.12.2017