Hopp til innhold
X
Innhald

Martti Haavio

Martti Haavio (med psevdonymet P. Mustapää), 1899–1966, var finsk lyrikar og folklorist.

Han brukte uttrykksmiddel som var henta frå folkeviser, balladar og skillingsviser, ofte med mild parodi. Haavio fann motiva sine i kulturlandskapet i Sørvest-Finland og i folkediktinga. Verdsbiletet hans er ganske relativistisk. Hovudverka sine gav han ut først etter den andre verdskrigen, og eit av dei mest kjende er Avskjed med Arkadia. Martti Haavio var ein viktig fornyar av rytmikken i finsk lyrikk.

Først publisert: 06.12.2017
Sist oppdatert: 06.12.2017