Hopp til innhold
Märta Tikkanen på bokmessa i Göteborg.
Märta Tikkanen på bokmessa i Göteborg.
X
Innhald

Märta Tikkanen

Märta Tikkanen, fødd 1935, er finlandssvensk forfattar og pedagog.

Märta Tikkanen er gift med Henrik Tikkanen. Ho gav ut ei rekkje romanar før gjennombrotet med Män kann inte våldtagas (1976). Dessutan fekk ho suksess i fleire land med diktboka Århundradets kärlekssaga (1978) om samlivet med ein alkoholisert ektefelle.

 

Tikkanen fekk Nordiske kvinners litteraturpris i 1979. Seinare har ho gitt ut Rödluvan (1986), Storfångaren (1989), Arnaia kastad i havet (1992, på norsk i 1994) og Två. Scener ur ett konstnärsäktenskap (2006). Ho har også skrive bøker om dottera og sjukdommen hennar: Sofias egen bok (1982) og Sofia vuxen med sitt MBD (1998). Emma & Uno (2006) handlar om det stormfulle ekteskapet til besteforeldra.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.12.2017
Sist oppdatert: 06.12.2017