Hopp til innhold
X
Innhald

Paavo Juhani Haavikko

Paavo Juhani Haavikko, 1931–2008, var finsk forfattar

Haavikko var ein sentral figur i moderne finsk lyrikk heilt frå debuten i 1951 og elles i kultur- og samfunnsdebatten. Han gav ut mange diktsamlingar, som var prega av språkleg virtuositet og ei open, poetisk livshaldning. I tillegg var han ein markant, tidskritisk romanforfattar, novellist og skodespelforfattar. Fjernsynsserien «Jerntiden», som han skreiv manuset til, tok utgangspunkt i Kalevala. Haavikko fekk Neustadt-prisen, ein av dei fremste litteraturprisane i USA, i 1984.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.12.2017
Sist oppdatert: 06.12.2017