Hopp til innhold
X
Innhald

Pentti Ilmari Saarikoski

Pentti Ilmari Saarikoski, 1937–83, var finsk forfattar og omsetjar.

Saarikoski leidde den sosialpolitiske kretsen av finske, nymodernistiske lyrikarar. Kirje vaimolleni (1968, på norsk Brev til min kone, 2001), er ei personleg bok om alkohol som instrument for erkjenninga. Romanen Euroopan reuna (1982, Vid Europas rand, 1984) er også kjend. Nokre viktige diktsamlingar er Jag går där jag går (1967, svensk 1969), Jeg ser over Stalins hode og ut (1969, norsk 1970), Angeläget el. ej (utval, svensk 1984). Sentralt står også Tjörn-trilogien (svensk 1977–82). På norsk kom Dans! Thiarnia-suiten som gjendikting av Mia Berner i 1995.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.12.2017
Sist oppdatert: 06.12.2017