Hopp til innhold
Sofi Oksanen. Foto: Toni Härkönen / Forlaget Oktober. Med løyve for Allkunne.
Sofi Oksanen. Foto: Toni Härkönen / Forlaget Oktober. Med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Sofi Oksanen

Sofi Oksanen, finsk-estisk forfattar som skriv både episk og fabulerande, mest i romanform, men også skodespel. Oksanen fekk Nordisk råds litteraturpris i 2010 for romanen Utrenskning, og var til då den yngste forfattaren som hadde fått denne prisen.

Sofi Oksanen er fødd 7. januar 1977 i Jyväskylä i Finland. Mor hennar er estisk, faren finsk. Oksanen tok studenteksamen (fullført studieførebuande vidaregåande opplæring) ved Voionmaan opisto i 1996. Deretter studerte ho litteratur ved universitetet i Jyväskylä og litteratur og kvinnestudium ved Helsingfors universitet, før ho i 2000 vart teken opp som student ved dramaturgistudiet ved Teaterhögskolan i Helsingfors.

 

Oksanen er ein anerkjend forfattar, som har fått fleire prisar og har vorte omsett til mange språk. Ho tek ofte utgangspunkt i den estiske bakgrunnen sin og si store interesse for estisk historie.

 

Kvinneidentitet høyrer til gjennomgangstematikken i verka til Oksanen dei to første tiåra av 2000-talet. Historisk og geografisk er tekstane forankra dels i eit okkupert, dels i eit post-sovjetisk Estland. Dei fleste av romanane i denne perioden er skrivne i ein realistisk sjanger. Denne tradisjonen bryt Oksanen med då ho i 2016 gav ut Norma. Her er surrealistiske element knytte inn i ein sterkt samfunnskritisk kontekst.

 

Utrenskning gav Oksanen, i tillegg til Nordisk råds litteraturpris, Finlandiaprisen, Kalevi Jäntti-prisen og Runebergprisen, og avisa Helsingin Sanomat kåra romanen til den beste som til då var skriven på 2000-talet. Romanen inngår i ein trilogi om okkupasjonstida i Estland, men tek òg opp tema som skam, svik, skuld og forsoning. Dei to andre bøkene i trilogien er Stalins kyr og Da duene forsvant.

 

Oksanen tek del i offentlege debattar i tidsskrift og på sosiale medium. Ho er spaltist i fleire finske aviser og tidsskrift, og ho er oppteken av menneskerettar, ytringsfridom og multinasjonal identitet. Denne interessa kjem òg til syne på facebook-sida hennar.

Sofi Oksanen. Foto: Toni Härkönen, kredit: Kansallisteatteri, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Sofi Oksanen. Foto: Toni Härkönen, kredit: Kansallisteatteri, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

 

Kjelder

E‑post frå Sofi Oksanen 24.9.2017

 

Tonje Bergmo og Hilde Bjørnskau: «Sofi Oksanen vant Nordisk råds litteraturpris», nrk.no: http://www.nrk.no/kultur/oksanen-vant-nordisk-rads-pris-1.7056987 [lesedato 25.9.2017]

Forfattarprofil på Forlaget Oktober, oktober.no: http://www.oktober.no/Forfattere/Utenlandske/Oksanen-Sofi [lesedato 25.9.2017]

Heimesida til Sofi Oksanen: www.sofioksanen.fi/ [lesedato 25.9.2017]

 

Peikarar

Diana Damian Martin: «Sofi Oksanen», intervju med Sofi Oksanen i Exeunt Magazine, februar 2012 

Peter Marten: «What westerners weren't supposed to see», intervju med Sofi Oksanen i This is Finland, februar 2009

Information: «Ikke at kigge nogen i øjnene er en måde at overleve på», intervju med Sofi Oksanen 27.1.2010 

Birgitte Rahbek: «Kunst kan ændre verden», intervju med Sofi Oksanen i Berlingske Tidende 28.1.2010 

Tine Maria Winther: «Finsk-estisk forfatter: Vi skal vogte vores små sprog», intervju med Sofi Oksanen i Politiken 13.3.2010 

Først publisert: 04.12.2017
Sist oppdatert: 04.12.2017