Hopp til innhold
X
Innhald

Ulla-Lena Lundberg

Ulla-Lena Lundberg, finlandssvensk forfattar, antropolog og religionsvitar som skriv romanar, dokumentarbøker, lyrikk og høyrespel.

Ulla-Lena Lundberg er fødd 14. juli 1947 på øya Kökar på Åland. Ho flytte til det finske fastlandet då ho var to år gamal, men har likevel budd på Kökar kvar sommar. Ho bur no i Borgå.

I 1967 tok Lundberg examen artium ved Pargas svenska samskola. Ho tok magistergraden ved Åbo Akademi i 1985, med faga nordisk etnologi og religionsvitskap. I 1993 vart ho utnemnd som æresdoktor ved Åbo Akademi.

Som ung var Lundberg frilansar i dei svenske programma i Finlands rundradio, og i 1986–87 var ho gjesteførelesar ved universitetet i Minnesota, Minneapolis. Ho var statleg kunstnarprofessor i 1994–99. Elles har ho arbeidd som fri forfattar.

Allereie som 15-åring debuterte Lundberg som forfattar, med diktsamlinga Utgångspunkt. Ho har skrive romanar og fagbøker, og mange av dei speglar interessene hennar for bergkunst, arkeologi, biletkunst og fugletitting. Romantrilogien Leo (1989), Stora världen (1991) og Allt man kan önska sig (1994) handlar om framvoksteren av skipsfarten på Åland, om harde tider, forlis, død, men også om kjærleik, fødsel og framgang. Blant dei tjuetals bøkene (romanar og fagbøker) ho har skrive, nemner ho sjølv dokumentarboka Kökar (1976), romanane Kungens Anna (1982) og Ingens Anna (1984), dokumentarboka Öar i Afrikas inre (1981), reiseboka Sibirien. Ett självporträtt med vingar (1992), romanen Regn (1996), essayboka Jägarens leende (om bergkunst) (2010), romanen Is (2012) og tekstdelen i bokverket om barken Herzogin Cecilie, Hertiginnan och kaptenskan (2017). I fleire av bøkene er Kökar og Åland ein klar referansebotn. Dette gjeld ikkje minst i romanen Is. Handlinga utspelar seg på den fiktive staden Örarna på Åland, der familiefaren har fått eit prestekall. Isen som tittelen viser til, er både eit konkret fenomen som dels bind folk på øyane saman, dels kan splitte dei når isen er utrygg, og eit psykisk skilje mellom dei to ulike grupperingane i kyrkjelyden.

Lundberg har fått ei lang rekkje litterære prisar, blant dei fleire frå Svenska litteratursällskapet i Finland, mellom anna Karl Emil Tollanders pris i 2011. Dessutan har ho fått Svenska Akademins Finlandspris i 1990, Tack för boken-medaljen i 1990, Pro Finlandia-medaljen i 1990, Runebergspriset i 1998, Svenska kulturfondens stora pris i 1998, Folktingsmedaljen i 1999, Tidskriften Vi:s litteraturpris i 2002 og Finlandiapriset i 2012. Ho har heile fem gonger vore nominert til Nordisk råds litteraturpris, med ein dobbeltnominasjon frå Finland og Åland i 2013, for romanen Is.

Kjelder

E‑post frå Ulla-Lena Lundberg 16.11.2017 og 24.2.2018

 

Forfattarprofil i «Uppslagsverket Finland», red. Gustaf Widén, uppslagsverket.fi: http://www.uppslagsverket.fi/sv/sok/view-103684-LundbergUllaLena [lesedato 14.11.2017]

Katarina von Numers-Ekman: «Lundberg, Ulla-Lena» Biografiskt lexikon för Finland, 2011, blf.fi: http://www.blf.fi/artikel.php?id=5586 [lesedato 14.11.2017]

Ann-Christine Snickars: «Att hålla saknaden från livet», i The History of Nordic Women's Literature, publisert 4.1.2011, nordicwomensliterature.net: https://nordicwomensliterature.net/se/2011/01/04/att-haalla-saknaden-fraan-livet/ [lesedato 14.11.2017]

«Åländska författare». Mariehamns stadsbibliotek 1998, mhbibl.aland.fi: https://web.archive.org/web/20070704141259/http://www.mhbibl.aland.fi/forf/index.php?id=75&lang=svenska [lesedato 14.11.2017]

Peikarar

Förlaget: «Ulla-Lena Lundberg» 

Marta Norheim: «Skjebnehistorie med is», publisert 21.10.2013, nrk.no 

Reeta Törrönen: «Is (Ulla-Lena Lundberg)», les! lue!, les-lue.com 

Først publisert: 07.03.2018
Sist oppdatert: 21.03.2018