Hopp til innhold
Forfattarane Veijo Meri och Antti Hyry signerer bøker på eit forfattararrangement 5. november 1961.
Forfattarane Veijo Meri och Antti Hyry signerer bøker på eit forfattararrangement 5. november 1961.
Foto: Finska museiverkets bildsamling, CC BY-NC-SA 2.0
X
Innhald

Veijo Meri

Veijo Meri, 1928–2015, var finsk forfattar.

Meri braut gjennom med Manillarepet (1957, på norsk i 1962). Viktige romanar elles er mellom andre Like for like (1961), Slekten (1967), En natt (1968, norsk utgåve), den delvis sjølvbiografiske Sersjantens sønn (1971, på norsk i 1973).

 

Meri henta i stor grad stoffet sitt frå krigen i 1939–44, men har også gripe tilbake til borgarkrigsåret 1918. Vanvitet og krigsmarerittet er skildra med nedkjølt, språkleg pregnans – tidvis også med ein humor som kan skifte frå svart til barokk. Han vart tildelt Nordisk råds litteraturpris i 1973.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.12.2017
Sist oppdatert: 06.12.2017