Hopp til innhold
X
Innhald

Väinö Linna

Väinö Linna, 1920–92, var finsk forfattar. Linna vart tildelt Nordisk råds litteraturpris i 1963. Han har forandra oppfatninga til finnane om deira eiga historie og er rekna som den største epikaren i finsk etterkrigslitteratur.

Etter eit par sosialrealistiske romanar (Mørk kjærlighet, 1949) braut han gjennom med Ukjent soldat (1954, dramatisert og filmatisert). Romanen gir eit realistisk og slett ikkje einsidig bilete av kvardagen til ein finsk frontsoldat under den andre verdskrigen. Trilogien Høyt mot nord, Opprør og Sønner av et folk (1959–62), som fører fram til Ukjent soldat, tok opp bakgrunnen for og stridane under den tragiske finske borgarkrigen i 1918. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.12.2017
Sist oppdatert: 06.12.2017