Hopp til innhold

Olav Midttun

Olav Midttun, litteraturforskar og riksprogramsjef. Han skulle vikariere som redaktør i Syn og Segn i eitt år, og blei verande der i 52 år.

Les meir om Olav Midttun

Ingrid Storholmen

Ingrid Storholmen, lyrikar og litteraturkritikar. Storholmen er ein samtidslyrikar med stor vilje og evne til eksperimentering, også med typografisk uttrykk og form på bøkene sine.

Les meir om Ingrid Storholmen

Jakob Lothe (1950–)

Jakob Lothe, litteraturvitar med særleg interesse for den rolla forteljinga har spela i ulike epokar og kulturar, særleg i nyare britisk og amerikansk litteratur.

Les meir om Jakob Lothe (1950–)

Olav Solberg

Olav Solberg er professor i nordisk litteratur ved Høgskolen i Telemark. Han har gitt ut mange bøker om folkedikting og har særleg arbeidd innanfor fagfeltet ballade- og viseforsking.

Les meir om Olav Solberg

Atle Kittang

Atle Kittang

Atle Kittang var professor, kritikar og forfattar. Som den første professoren i allmenn litteraturvitskap i Noreg hadde han sterk innverknad på litteraturforskinga i Noreg og har vore leverandør av internasjonale impulsar innanfor litteraturvitskapleg teori og metode.

Les meir om Atle Kittang

Eirik Vandvik

Eirik Vandvik, professor i mellomalderlitteratur, filolog og omsetjar. I tillegg til det akademiske arbeidet med latinsk grammatikk gjorde han ein stor innsats i formidlinga av gresk litteratur og åndsliv på nynorsk.

Les meir om Eirik Vandvik

Idar Stegane

Idar Stegane, litteraturforskar som har forska på det norske skriftlivet generelt og det nynorske skriftlivet spesielt. Han er ein av dei fremste kjennarane av Olav H. Hauge si dikting.

Les meir om Idar Stegane