Hopp til innhold
X
Innhald

Erling Nielsen

Erling Nielsen, 1920–2000, var dansk litteraturhistorikar og skribent. Nielsen var lektor i dansk språk og litteratur ved Universitetet i Oslo frå 1950. Han redigerte Cappelens nordiske bibliotek og gav mellom anna ut antologiane Dansk skrivekunst (1955), Norsk skrivekunst (1958), Nordisk skrivekunst (1960) og Danmark forteller (1977). Nielsen stod dessutan som utgivar av H.C. Andersens Samlede Eventyr I–III (1959).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.03.2013
Sist oppdatert: 08.03.2013