Hopp til innhold
X
Innhald

Harald Ludvig Tveterås

Harald Ludvig Tveterås, 1904–91, var bibliotekar og litteratursosiolog. Tveterås var knytt til Universitetsbiblioteket i Oslo frå 1929, og i åra 1969–74 var han riksbibliotekar.
 
I 1947–48 var han sjef for UNESCO-biblioteket i Paris.
 
Tveterås gav mellom anna ut Den norske bokhandels historie (tre bind), Et norsk kulturforlag gjennom hundre år. Aschehoug & Co. 1872–1972 (1972) og I pakt med tiden. Cappelen gjennom 150 år (1979).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.03.2013
Sist oppdatert: 08.03.2013