Hopp til innhold
X
Innhald

Inger Bråtveit

Inger Bråtveit, forfattar, litteraturvitar, omsetjar, journalist og skrivelærar som er ei tydeleg og viktig røyst i samtida.

Inger Bråtveit er fødd 3. september 1978 i Bergen og voks opp i Suldal i Rogaland. Ho tok vidaregåande skule i Sauda i 1994–97, var elev ved Heimly folkehøgskole på Finnsnes i Troms og er utdanna cand.mag. med faga litteraturvitskap, nordisk og teatervitskap frå Universitetet i Bergen. Ho har skrive masteroppgåve i litteraturvitskap om Is-slottet av Tarjei Vesaas.

Bråtveit har arbeidd som journalist i Dag og Tid og i Suldalsposten. Ho var med på arbeidet med den siste omsetjinga av Bibelen til norsk (Bibel 2011), og ho underviser på forfattarlinja på Danvik Folkehøgskole i Drammen.

Ho debuterte med romanen Munn mot ein frosen fjord (2002) og fekk mykje merksemd for skrivemåten sin. Romanen Siss og Unn (2008) har dei same namna som hovudpersonane i Is-slottet av Tarjei Vesaas, og det er òg innhaldsmessig samanheng mellom dei to romanane. Språket er naivt, fragmentarisk og enkelt. Historia om sorger og draumar er ikkje samanhengande og kronologisk, og alt er fortalt gjennom tankane til ei lita jente.

I 2009 kom diktsamlinga Loveprosjekt, som ho gav ut saman med svenske Cecilia Hansson. Biletboka Kven er snillast av far og mor? gav ho ut i 2012, og romanen Alice A4 kom i 2015. Her skildrar Bråtveit eit forhold mellom ei ung jente og ein eldre mann frå den unge kvinna sitt perspektiv. Romanen kan òg bli sedd på som ei ny tolking av Alice i Eventyrland.

Bråtveit var medredaktør i litteraturskriftet Vagant i 2004–05 og er medlem av styret i Det litterære råd i Den norske Forfatterforening, frå 2015. Ho fekk både Nynorsk litteraturpris og Bergensprisen i 2003 for debutromanen, og ho var nominert til Kritikarprisen med romanen Siss og Unn. I 2009 fekk ho Bjørnson-stipendet og i 2010 Suldal Mållags målpris.

Kjelder

Mette Karlsvik og Norsk Forfattersentrum: «Inger Bråtveit», snl.no, sist oppdatert 7.4.2017: https://snl.no/Inger_Br%C3%A5tveit [lesedato 6.2.2018]

Inger Bråtveit, forfattarside Forlaget Oktober, oktober.no: http://www.oktober.no/Forfattere/Norske/Braatveit-Inger [lesedato 6.2.2018]

Tom Egeland: «Møt rådskandidat Inger Bråtveit», forfatterforeningen.no, publisert 18.3.2017: https://forfatterforeningen.no/artikkel/mot-radskandidat-inger-bratveit [lesedato 6.2.2018]

Peikarar

Henning H. Bergsvåg: «Inger Bråtveit – intervju og anbefalinger», bergenbibliotek.no, publisert mai 2004 

Andrea Rygg Nøttveit: «Å latterleggjera unge jenter er veldig lett og veldig vanleg», framtida.no, publisert 22.10.2015 

Først publisert: 15.02.2019
Sist oppdatert: 15.02.2019