Hopp til innhold
X
Innhald

Marta Norheim

Marta Norheim, kulturjournalist i NRK og profilert litteraturkritikar og formidlar av norsk samtidslitteratur etter 1990.
Marta Norheim er fødd på Voss 7. desember 1955. Ho tok examen artium ved Voss gymnas i 1974 og hovudfag i nordisk ved Universitetet i Oslo i 1984, med hovudoppgåva «Diktarkrise – krisedikting. Forfattarrolle i og utanfor bøkene Myten om Wu Tao-tzu av Sven Lindqvist og Herr Gustafsson själv av Lars Gustafsson».
Norheim har sidan 1987 vore tilsett i NRK. Ho har arbeidd med kulturstoff i radio og fjernsyn, i program som Kulturoperatørene og Askeladden. Etter kvart har ho spesialisert seg innanfor litteraturfeltet i programma Kritikartorget, Boktilsynet, Bok i P2 og P2-lyttarane sin romanpris.
Norheim gav i 2007 ut boka Røff guide til samtidslitteraturen. Her kombinerer ho nærlesing av einskildtekstar med stort oversyn over trendar og tendensar i det skjønnlitterære feltet i Noreg, representert ved forfattarar som debuterte mellom 1990 og 2005. Forma er engasjert og prega av journalistiske spissformuleringar, når Norheim til dømes kallar samtidstrendar for «Kunsten å overleva barndommen», «Kva er ein mann?» eller «Dirty re(gion)alism».
I 2002 vart Norheim tildelt den prestisjetunge kritikarprisen i kategorien Årets kritikar, og i 2009 fekk ho Olav Dalgards kritikarpris.
 
Kjelder
E-post frå Marta Norheim 4. mars 2010
Inger Østenstad: ”Olav Dalgards kritikarpris til Marta Norheim”, Kritikerlaget, kritikerlaget.no, publisert 17.04.2009, http://www.kritikerlaget.no/pages/nor/378-olav_dalgards_kritikarpris_til_marta_norheim [lesedato 15.04.2010]
Peikarar

Først publisert: 26.04.2010
Sist oppdatert: 19.05.2010