Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Solberg

Olav Solberg er professor i nordisk litteratur ved Høgskolen i Telemark. Han har gitt ut mange bøker om folkedikting og har særleg arbeidd innanfor fagfeltet ballade- og viseforsking.

Olav Solberg er fødd 11. januar 1942 i Drangedal. Han tok examen artium på engelsklinja på Notodden i 1962. I 1969 blei han cand.philol. i nordisk ved Universitetet i Oslo, med fransk og historie i fagkrinsen. Solberg var lektor i norsk og historie ved Bergen lærarskole i 1970–74.
Han blei tilsett ved Høgskolen i Telemark, i Bø, i 1974. Der har han undervist i nordisk litteratur og idéhistorie. I 1998 blei han professor i nordisk, særleg nynorsk litteratur, ved Universitetet i Oslo, og frå 2000 har han vore professor ved Høgskolen i Telemark.
Solberg har hatt ei rekkje tillitsverv innanfor norsk språk og kultur. Han har vore medlem av prosjektet «Dansk folkevisekultur 1550–1700» og medlem av redaksjonsrådet i Maal og Minne. Han var ekspertkommentator ved prosjektet «Henrik Ibsens skrifter» i 1999 og medlem av rådet for Norsk Litteraturfestival. Solberg var formann i Det norske språk- og litteraturselskap frå 2001 til 2005. Han var styremedlem i Forskerforbundet ved Høgskolen i Telemark 2000–2006 og medlem og administrator av ein komité for å vurdere opprykk til professor ved Universitetet i Oslo i 2000.
Solberg har arbeidd mykje med Sigrid Undsets historiske romanar, til dømes i Tekst møter tekst. Kristin Lavransdatter og mellomalderen (1997) og med tekstar frå mellomalderen. Han har dessutan skrive populærvitskapelege bøker som Forteljingar om drap. Kriminalhistorier frå seinmellomalderen (2003), Norske Folkeviser. Våre beste balladar (2003) og Inn i eventyret. Norsk og europeisk forteljekunst (2007).

Først publisert: 18.10.2010
Sist oppdatert: 14.10.2011