Hopp til innhold
X
Innhald

Paul Botten-Hansen

Paul Botten-Hansen, 1824–69, var kritikar og bibliotekar. Botten-Hansen redigerte Andhrimner saman med Ibsen og Vinje i 1851 og Illustrered Nyhedsblad i åra 1851–66. Frå 1864 var han også sjef for Universitetsbiblioteket. Den private boksamlinga hans danna grunnstammen i det som i dag er Bergen Offentlige Bibliotek. Botten-Hansen gav ut den bibliografiske oversikta La Norvège littéraire (1868).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.03.2013
Sist oppdatert: 08.03.2013