
Simone Stibbe
Simone Stibbe er forlagssjef i Skald, eit forlag som i hovudsak gir ut bøker på nynorsk.
Simone Stibbe er fødd 13. mai 1980 i Halle, Tyskland, og gjekk vidaregåande skule i same byen, med eksamen i 1998.
Frå 1998 studerte ho ved universitetet i Leipzig, med fullført mastergrad i 2004. Temaet for masteroppgåva var litteraturpolitikk i Noreg. I 2000–01 var ho utvekslingsstudent ved Universitetet i Bergen.
I 2004 vart ho tilsett som forlagsredaktør i Skald, Leikanger i Sogn. Sidan 2012 har ho vore forlagssjef. I Skald har ho mellom anna vore ansvarleg for forlaget sin klassikarserie, som vart kåra til «Årets vakreste bokserie» av bransjeorganisasjonen Grafill i 2017.
I 2011–12 hadde ho eit vikariat som barnebokredaktør i Samlaget, der ho mellom anna utvikla lettles-serien «Leseland».
Simone Stibbe var redaktør for antologien Godnattboka, som fekk Nynorsk litteraturpris for barne- og ungdomsbøker i 2007.
Kjelder
E‑post frå Simone Stibbe 17.03.2020
Peikarar
Nettstaden til forlaget Skald, skald.no
Sist oppdatert: 29.10.2020