Hopp til innhold
X
Innhald

Willy Dahl

Willy Dahl, fødd 1927, er litteraturhistorikar, kritikar og forfattar.

Han var professor i Trondheim i åra 1977–81, deretter i Bergen. Dahl var ein sjølvrådig forskar, og han stod jamleg i opposisjon til andre litteraturvitarar. Han har mellom anna gitt ut Stil og struktur (1965), Fra 40-tall til 60-tall (1969), Blå briller og løsskjegg i Kristiania (1975), om kiosklitteratur, biografien Arnulf Øverland (1989) og kriminal- og spenningslitteraturhistoria Dødens fortellere (1993). Dahl forfatta sjette band av Norges Litteraturhistorie som kom ut i 1975. Han har skrive dikt under psevdonymet Melchior Pedersen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.09.2016
Sist oppdatert: 16.09.2016