Hopp til innhold
X
Innhald

Johannes Aursland

Johannes Aursland var gymnaslektor og skreiv eit lesedrama med emne frå norrøn gudelære. Han utvikla ein teori om at gudediktet «Voluspå» var skrive i Nordfjord.

Johannes Aursland var fødd 11. august 1899 i Skjold (noverande Tysvær kommune) og døydde 26. mars 1975 i Haugesund. Etter lærareksamen i 1922 var han tilsett ved fleire skular (i Borre, Time og Skjold) før han tok språkleg-historisk embetseksamen i 1935. Emnet for hovudoppgåva var målføre, og delar av oppgåva er prenta i Norsk tidsskrift for sprogvidenskap i 1939. Vinter- og vårhalvåret 1936 hadde Aursland stipend og studerte fonetikk ved universitetet i Uppsala. Frå 1936 til 1970 var han lektor ved Firda gymnas på Sandane.

Aursland skreiv artiklar i ulike publikasjonar, mellom anna i Fossegrimen, Årbok for Nordfjord og Jul i Nordfjord. I ein tiårsperiode frå siste delen av 1950-åra utvikla han ein teori knytt til ei nytolking av «Voluspå», eit norrønt gudedikt som fortel om menneska og gudane si historie frå skapinga til undergangen. Aursland bygde lesinga si på solobservasjonar ved sentrale fornminne i Gloppen og meiner å kunne påvise at det eksisterte ein soldyrkingskult i bygda frå 400-talet e.Kr. Aursland les «Voluspå» som eit visjonsdikt knytt til denne soldyrkinga.

I 1947 gav Aursland ut Odin frå Valhall, eit stort lesedrama i fem vendingar. Men han vil meir enn å attfortelje den gamle gudelæra. Teksten er også ein samtidskommentar – eller like gjerne: ein tekst om allmenne politiske ideal. Odins styre er bygd på vald, folkeforakt, egoisme og «hugen til makt». Resultatet vert eit lagdelt samfunn prega av urettferd og utpining av både folk og ressursar. Mot han står først og fremst Balder, forfattaren sitt talerøyr, som talsmann for likskap, fellesskap og ærleg arbeid. Teksten sluttar med ragnarok, og ein ny start: «Verdssoga skal bryggjast i nye kar, men dei har sleipe handtak. Ta hanskar av rettvise på!»

Kjelder

E‑post frå Sveinbjørn Aursland 1.12.2017

Sveinbjørn Aursland: «Heimdalls solanlegg i Gloppen og Voluspå. Ein presentasjon av lektor Johs. Aursland sin teori», Årbok for Nordfjord 2016. Sandane 2016

Peikarar

Johannes Aursland: Odin frå Valhall. Oslo 1947. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Forfattarside om Johannes Aursland på nettstaden Forfattarar frå Sogn og Fjordane 

Først publisert: 01.06.2018
Sist oppdatert: 01.06.2018