Hopp til innhold
X
Innhald

Karsten Alnæs

Karsten Alnæs, fødd 1938, er forfattar og journalist. Han skreiv fagboka Språk og massemedier i 1973. Andre verk er mellom andre novellesamlinga Veps (1975) og romanane Felttoget (1976), Gaia (1977), Havherre og sjøtrell (1978) og Øy (1985). 
 
Alnæs var kulturredaktør i Dagbladet frå 1987 til 1991 og leiar i Den norske Forfatterforening i åra 1985–87 og 1999–2001. Han fekk Brageprisen og Bokhandlerprisen i 1992 for romanen Trollbyen. Den biografiske romanen Sabina (1994), som han fekk Kritikerprisen for, vart ein stor lesar- og opplagssuksess.
 
Alnæs skreiv Historien om Norge, norsk mentalitetshistorie i fem bind (1996–2000), som òg vart ein TV-serie. Han var programleiar og forteljar i TV-serien, som vart vist på NRK i 2003. Historien om Norge stod seinare i sentrum for ein stor debatt om kjeldebruk. Alnæs gav ut romanen En fremmed i 2002. Historien om Europa kom ut i tre band mellom 2003 og 2005. Alnæs har òg skrive fagbøker og reiseskildringar frå Barcelona og Lisboa. Han fekk Brages heiderspris i 2003.


Sist oppdatert: 21.11.2014