Hopp til innhold
Foto: Magnus Stivi, flickr.com CC BY SA 2.0
Foto: Magnus Stivi, flickr.com CC BY SA 2.0
X
Innhald

Kjell Askildsen

Kjell Askildsen, forfattar, er ein av dei fremste novelleforfattarane i Norden. Med språkleg måtehald har han skrive fram ein umiskjenneleg stil og vore ein leiande figur i den norske etterkrigslitteraturen.

Kjell Askildsen er fødd 30. september 1929 i Mandal, Vest-Agder. Han gjekk folkeskule og realskule i Mandal og tok examen artium i 1949. Same året byrja han å studere ved Universitetet i Oslo, men i 1950 avbraut han studia.

Askildsen reiste heim til Mandal og arbeidde ein kort periode som journalist i Lindesnes Avis, før han blei kalla inn til militærteneste og tenestegjorde i Tysklandsbrigaden. Seinare hadde han fleire jobbar. Han dreiv mellom anna ein liten kunstsalong i Mandal, var turistsjef i Mandal og arbeidde på raffineringsverket Falconbridge utanfor Kristiansand. Han skreiv òg for VG ein periode og dreiv pensjonat mellom Lillesand og Grimstad. I 1960-åra arbeidde han ein periode i Kunstnarforbundet og i Det Bestes bøker. Askildsen var seinare med på å grunnleggje Norsk forfattarsentrum i 1968, og frå 1972 til 1973 var han styreleiar og dagleg leiar i organisasjonen.

Askildsen er ein kresen forfattar, med ein liten, men mektig produksjon. Etter debuten med novellesamlinga Heretter følger jeg deg helt hjem (1953) har han gitt ut seks heilstøypte novellesamlingar. Særleg Thomas F’s siste nedtegnelser til almenheten (1983) og Et stort øde landskap (1991) er meisterverk i den norske litteraturen. I tillegg har Askildsen skrive fem romanar, der Davids bror (1957) og Omgivelser (1967) er klare høgdepunkt. Askildsen har òg omsett bøker, mellom anna Hermann Brochs romantrilogi Søvngjengerne (1968–1969) og Bertolt Brechts Tysk krigs-ABC (1984), dessutan ei rekkje teaterstykke for Nationaltheatret. I 1999 kom Samlede noveller.

Han sat i det litterære rådet i Den norske forfattarforeining i to periodar, først mellom 1978 og 1980, så mellom 1984 og 1987.

Han har fått Kritikarprisen to gonger, for Thomas F’s siste nedtegnelser til almenheten i 1983 og for Et stort øde landskap i 1991. Vidare har han fått Riksmålsforbundets litteraturpris (1987), Aschehougprisen (1991), Doblougprisen (1995), Brages heiderspris (1996), Oktoberprisen (1997) og Svenska Akademiens nordiske pris (2009), i tillegg til ei rekkje andre prisar. I 1990 var han festspeldiktar under Festspela i Bergen, og i 2006 kåra Dagbladet Thomas F’s siste nedtegnelser til almenheten til den beste norske skjønnlitterære boka dei siste 25 åra. Samtaleboka Kjell Askildsen. Et liv, der Askildsen samtaler med Alf van der Hagen om liv og verk, kom ut i 2014.

Barndom i bibelbeltet

Kjell Askildsen voks opp i eit pietistisk miljø i Mandal, der frykta for fortaping prega kvardagslivet og sette sterke skilje mellom kristenfolket og arbeidarklassa. Askildsen var ung då krigen braut ut, men alt som tolvåring var han involvert i arbeid for motstandsrørsla. Under krigen levde han skild frå foreldra, som måtte flykte til Sverige. Etter krigen, då han gjekk på gymnaset, tok han avstand frå kristendomen og byrja å kalle seg kommunist. Slik voks det òg fram ein avstand mellom han og foreldra, og i bøkene har han frå byrjinga av avidyllisert familierelasjonar og kritisert pietismen.

Under det korte studieopphaldet i Oslo brukte Askildsen tida på å lese litteratur og sjå film heller enn å lese pensum. Då han i 1950 reiste til Schleswig-Holstein for å tenestegjere i Tysklandsbrigaden, lærte han seg tysk. Askildsen blei militærnektar under opphaldet i Tyskland og nekta å ta korporalkurset då han kom heim. Han blei difor send på arbeidsleir på Dillingøy i Moss. I åra etter hadde Askildsen fleire småjobbar medan han prøvde å lukkast med skrivinga. Debutboka Heretter følger jeg deg helt hjem kom i 1953 og vekte mykje oppstyr på grunn av skildringane av ung seksualitet. Boka blei oppfatta som ein skandale i Mandal, og folkebiblioteket i heimbyen nekta å låne henne ut. Askildsen hadde sidan eit vanskeleg forhold til barndomsbyen.

Politikk og litteratur

På denne tida hadde Askildsen gifta seg og var blitt far til to born. Familien flytta til Oslo i 1960-åra, og Askildsen fekk sitt første litterære gjennombrot mot slutten av tiåret. Særleg novellesamlinga Kulisser blei teken godt imot av ei rekkje yngre, modernistiske forfattarar og kritikarar, og til dømes Profil-krinsen beundra litteraturen til Askildsen. Romanen Omgivelser gjorde han kjend for eit større publikum. Utover i 1970-åra var Askildsen tydeleg plassert på venstresida i politiske spørsmål. Han var ein av mange forfattarar som støtta opp under AKP(m-l), utan at han nokon gong var betalande medlem av partiet. Særleg i konfliktane i Den norske forfattarforeining var han ein sentral figur i denne politisk brennbare tida, og dei to bøkene han skreiv dette tiåret, romanane Kjære, kjære Oluf (1974) og Hverdag (1976), er sosialrealistiske og eksplisitt politiske.

I 1980- og 1990-åra markerte Askildsen seg som ein av dei store novelleforfattarane i Norden. Med boka Ingenting for ingenting (1982) vende han attende til novellesjangeren og samstundes til ei mindre påtakeleg politisk programdikting. For Tomas F’s siste nedtegnelser til almenheten (1983) fekk han Kritikarprisen – og eit ry som ein minimalistisk og kresen forfattar. Sjølv har Askildsen teke avstand frå merkelappen som «minimalistisk» og heller halde fram at han skriv fortetta og konsentrert – utan overflødige ord. Askildsen bytte forlag i midten av 1980-åra, frå Aschehoug til Oktober, og blant forfattarane til Oktober fekk han mange litterære vener. I 1991 gav han ut Et stort øde landskap, som er den mest prisvinnande boka hans. Lenge trudde ein at Hundene i Tessaloniki (1996) skulle bli den siste novellesamlinga til Askildsen, som no er tilnærma blind og har slutta å skrive. I 2015 kom likevel Vennskapets pris, som inneheld noveller som Askildsen har skrive i tida etter den førre boka, men aldri har gitt ut.

Korte romanar og novellekunst

Blant dei fem romanane til Askildsen står Davids bror (1957) og Omgivelser (1969) som viktige bøker i norsk litteraturhistorie. Askildsen var sjølv misnøgd med den første romanen sin, Herr Leonard Leonard (1955), som rett nok er noko svevande og luftig i sine drøymande skildringar. I den meir jordnære Davids bror skildrar han brorskapen mellom Frans og David, der David er i ferd med å døy av leukemi. Samstundes skriv Askildsen fram tematikk som seinare blir sentral i heile forfattarskapen, til dømes knytt til autoritetar og undertrykking, frigjering og rollespel- og forventningar. Handlinga i Omgivelser – som òg er filmatisert under tittelen Maria Marusjka (1973) – går føre seg på ei øy, der det utviklar seg eit sjalusiforhold mellom fire personar. Med finstilte forteljargrep viser Askildsen korleis personane er fanga av omgivnadane, og korleis forventningane deira innskrenkar fridomen til dei andre. I denne romanen finn vi òg nokre setningar som kan stå som ein poetikk for Askildsen sin forfattarskap: «Den som forteller sannheten, lyver. Den som dikter, lyver ikke».

Novellekunsten til Askildsen er ein setningskunst. Forteljingane hans hentar styrke frå presise og råkande formuleringar, og han har ei evne til å fange talande situasjonar i reinskorne tankar og dialogar. I novellene nyttar han ofte forteljarrommet til å skape enkle, men verknadsfulle scener: Om novellepersonen oppheld seg i stova, på verandaen eller i hagen er alt anna enn vilkårleg i Askildsen sitt univers.

Thomas F’s siste nedtegnelser til almenheten inneheld to noveller. Hovudpersonen som gir namn til tittelnovella, kan skildrast som misantropisk og resignert. Men måten lesaren blir kjend med han på, gir Askildsen rett i påstanden om at han først og fremst er realist: Askildsen ser døden i kvitauget, men greier samstundes å setje menneskelivet i relieff i novella om Thomas F. Samlinga inneheld òg novella «Carl Lange», som er rekna som ei av hans beste.

Også i heimbyen Mandal fekk Askildsen omsider innpass, og under Festspela i Bergen i 1990 delte dåverande ordførar i Mandal ut eit kulturstipend til Askildsen og bad om orsaking for måten byen hadde teke imot debutboka på. I Mandal bibliotek står det no ei byste av Askildsen, og han har òg fått Mandals kulturpris (1999). Novellekunsten til Askildsen er i dag verdsett i Noreg og i fleire andre land, som kunstverk om korleis menneska lever saman, korleis dei held ut når noko går gale, eller i den heilt vanlege kvardagen.

Kjelder

Geir Berdahl: «Etterord» i En plutselig frigjørende tanke – noveller 1954–1999. Oslo 2009

Alf van der Hagen: Kjell Askildsen. Et liv. Oslo 2014

«Kjell Askildsen», Norsk biografisk leksikon, henta frå snl.no: https://nbl.snl.no/Kjell_Askildsen[lesedato 23.7.2015]

Forfattarside på nettstaden til Forlaget Oktober, oktober.no: http://www.oktober.no/Forfattere/Norske/Askildsen-... [lesedato 23.7.2015]

Peikarar

«Kjell Askildsen i Bokprogrammet», nrk.no: http://www.nrk.no/skole/klippdetalj?topic=urn:x-me...

Filmklipp der Askildsen snakkar om skrivinga si, youtube.com:

Per Thomas Andersen: «En gammel manns ensomme liv», tekst om Thomas F’s siste nedtegnelser til almenheten i Dagbladet, publisert 5.8.2006: http://www.dagbladet.no/kultur/2006/08/05/473082.h...

Først publisert: 27.01.2016
Sist oppdatert: 08.03.2016