Hopp til innhold
 Kjell Aukrust i 1965. Foto: Rigmor Dahl Delphin.Digitaltmuseum. CC A- S 3. 0
Kjell Aukrust i 1965. Foto: Rigmor Dahl Delphin.Digitaltmuseum. CC A- S 3. 0
X
Innhald

Kjell Aukrust

Kjell Aukrust, 1920–2002, var teiknar og forfattar. Saman med Ivo Caprino laga han dokkefilmen Flåklypa Grand Prix frå 1975.
Kjell Aukrust, 1920–2002, var teiknar og forfattar, bror av Odd Aukrust. Kjell Aukrust gav mellom anna ut bøkene Simen i 1958, Folk og fe i 1959, Bror min i 1960 og Flåklypa i 1962. Skodespela Dobbeltsats og freske fraspark og Relsafus kom ut i høvesvis 1962 og 1968. Saman med Ivo Caprino laga han dokkefilmen Flåklypa Grand Prix frå 1975. Han skreiv òg memoarboka Slipp ham inn! frå 1979 og Emanuel Desperados — budbringeren fra Morgedal frå 1992.
 
Teiknefilmen Solan, Ludvig og Gurin med reverompa (1998), som er basert på bøkene hans, var den første norske teiknefilmen som varer ein heil kveld. Kjell Aukrust fekk Brageprisens heiderspris i 1999. Aukrustsenteret i heimbygda Alvdal vart opna i 1996.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.03.2013
Sist oppdatert: 21.05.2013