Hopp til innhold
X
Innhald

Merete Morken Andersen

Merete Morken Andersen, fødd 1965, er forfattar. Ho debuterte med kortromanen Fra i 1988 og har seinare skrive Broren min løper (1991), Dronningen etter badet (1996), Hav av tid (2002), som ho fekk Kritikerprisen for, og Mandel (2005).
 
Andersen skriv òg lyrikk, barnebøker og sakprosa. Ho var redaktør for Vinduet i åra 1992–97. Av faglitteratur har ho til dømes skrive Ibsenhåndboka (1999) og Skriveboka (2008).
 
I 2003 fekk ho Amalie Skram-prisen.


Sist oppdatert: 20.11.2014