Hopp til innhold
Portrett av Nini Roll Anker, fotografert av Ernest Rude i 1918. Kredit: Olso Museum på oslobilder.no CC BY-SA 3.0 (biletnr. OB.RP36354k).
Portrett av Nini Roll Anker, fotografert av Ernest Rude i 1918. Kredit: Olso Museum på oslobilder.no CC BY-SA 3.0 (biletnr. OB.RP36354k).
X
Innhald

Nini Roll Anker

Nini Roll Anker var særleg oppteken av kvinne- og fredssaka og var ei av dei største kvinneskildrarane i norsk litteratur.

Nini Roll Anker, 1873–1942, var forfattar. Ho gav mellom anna ut romanar som I blinde i 1898, debutromanen som kom ut under psevdonymet Jo Nein, Benedicte Stendal i 1909 og Det svake kjøn i 1915, som vert rekna for å vere hovudverket hennar. Anker gav òg ut forteljingar og skodespel, mellom andre Kirken i 1921 og På ærens mark i 1934. Ho var særleg oppteken av kvinne- og fredssaka og var ei av dei største kvinneskildrarane i norsk litteratur.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.03.2013
Sist oppdatert: 27.08.2015