Hopp til innhold
Olav Angell. Foto: Gyldendal, med løyve for Allkunne.
Olav Angell. Foto: Gyldendal, med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Olav Angell

Olav Angell er forfattar og omsetjar. For omsetjinga av "Ulysses" fekk han Norsk kulturråds oversetterpris.

Olav Angell, fødd i 1932, er forfattar og omsetjar. Han debuterte med diktsamlinga Burlesk i 1966 og har seinare gitt ut dikt i Tiden er en korktrekker som forvandler kjærligheten til konkylier (1982) og Neptuns døtre (1986).

Angell har òg skrive romanar, til dømes Den elektriske blomsten (1968), Forræderen (1972) og Topkapi. En historie om utroskap (1981), kriminalromanen Perdido, Perdido… (1975) og novellesamlinga Dig (1970). Oslo i skumring (1991), Oslo ved midnatt (1997) og Oslo i demring (2002) er ein trilogi oppvekstromanar.

Angell har omsett ei rekkje amerikanske forfattarar, til dømes Mark Twain, Ken Kesey, Raymond Chandler og William S. Burroughs. Like viktig er omsetjinga av irske James Joyces Ulysses og Dublinere, som kom på norsk i 1992 og 1993. For omsetjinga av Ulysses fekk han Norsk kulturråds oversetterpris i 1992. Seinare har han fått Riksmålsforbundets litteraturpris (2002) og Bastianprisen (2006).

Først publisert: 03.05.2016
Sist oppdatert: 03.05.2016