Hopp til innhold

Ove Ansteinsson

Ove Arthur Ansteinsson, journalist, redaktør og forfattar, har vore kalla Hedemarkens diktar.

Ove Ansteinsson var fødd i Risør i Aust-Agder 23. mars 1884 og døydde 15. oktober 1942 på Vallset i Hedmark. Det var også der, og seinare på Hamar, han budde i oppveksten.

I unge år kom han i gullsmedlære til hovudstaden. Så prøvde han seg som skodespelarelev ved Centraltheatret. Etter ei tid med gardsarbeid på Vallset gjekk han i typograflære i Oplandenes Avis på Hamar, før han var underoffisersaspirant ved Kystartilleriet på Håøya og i Tønsberg i tida kring 1905. Han vart husdiktar i Tønsbergs Blad og publiserte elles artiklar, noveller og dikt i ulike aviser og magasin. Han var redaktør i avisa Akershus på Lillestrøm frå 1915, og fire år seinare i Østerdalens Avis på Elverum, fram til 1922. Deretter flytta han attende til Vallset og vigde seg til forfattargjerninga på heiltid.

Ansteinsson debuterte med novellesamlinga Hedemarksfolk i 1909. Han skreiv eit tjuetals folkelege romanar, forteljingar og skodespel. Sosiale skilnader og flukta frå landsbygda er ein viktig tematikk, men med ein humoristisk undertone og ironisk distanse. Ansteinsson var riksmålsmann, men nytta sterke innslag av stangedialekt.

Skodespela Broder Nicolay (1920), Hu Dagmar (1925) og Gullfjellet (1927) vart sette opp på Det Norske Teatret i 1920- og 30-åra og vart populære. Både Hu Dagmar og Gullfjellet vart dessutan filmatiserte, i 1939 og 1941. Komedien Hansen (1929) vart sett opp på Den Nationale Scene i Bergen i 1943, men publikumsinteressa var mager.

Sidan 1994 har Kvennstuguteatret på Vallset skapt ny interesse for Ansteinsson sine skodespel. Nokre arbeid er publiserte posthumt, mellom dei kom ei samling hedemarksforteljingar i 2001.

Kjelder

Bjørn Amundrud: «Program». Kvennstuguteatret 1998

Ove Ansteinsson: Småhistorier om hedemarksfolk. Forord av Bjørn Amundrud og Vidar Aasen. Vallset Kulturstier 2001

Lars Th. Braaten ofl. (red.): Filmen i Norge. Norske kinofilmer gjennom 100 år. Oslo 1995

Oskar Braaten (red.): Det Norske Teatret 1913–1938. Oslo 1938

Øyvin Davidsen: Tønsbergs Blad. Historie og forhistorie 1870–1970, bd. 2. Tønsberg 1970

Halvdan Hydle ofl. (red.): Hvem skrev hva. I de siste 25 år. Oslo 1950

Geir Vestad: Litteraturer. Vandringer til Hedmarks diktersteder. Vallset 1997

 

«Ove Ansteinsson», kvennstuguteatret.no https://www.kvennstuguteatret.no/tidligere-forstillinger/manusforfattere/ove-ansteinsson/ [lesedato 19.4.2018]

Peikarar 

Bibliografi i Bibsys 

Digitaliserte bøker av Ove Ansteinsson på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Først publisert: 16.05.2018
Sist oppdatert: 16.05.2018