Hopp til innhold
X
Innhald

Sakarias Ansok

Sakarias Ansok, småbrukar og sogeforteljar. Han var ein av dei første som systematisk samla inn kunnskap om fjell- og fjordgardane langs Storfjorden på Sunnmøre.

Sakarias Ansok var fødd 19. juni 1898 på den veglause garden Ansok i Liabygda. Garden var levevegen, og han budde der til han døydde 23. oktober 1986. 

Ansok hadde stor omsut for fjordfolket, strandsitjar som han sjølv var. Etter oppmoding frå Magne Flem i Sunnmørsposten tok han til å skrive artiklar om fjell- og fjordgardane. Dette var i 1965. På den tida var mange bruk fråflytta, og fleire stod for tur. Historier frå seksti gardsbruk kom på prent, og alle fekk følgje av Flem sine fotografi. Sogene fortel om slit og kravløyse, men òg om samhald og god naboskap. Dei vart etter kvart til tre bøker, Eld som slokna, Far etter folk og Menneske vi møtte. Alle vert rekna som klassikarar innanfor den etter kvart rike litteraturen om eldre tider langs Storfjorden.

Sogene som Ansok samla, la eit viktig grunnlag for etableringa av interesseorganisasjonen Storfjordens Venner. Sogematerialet var òg med og rydda veg for at delar av Storfjorden i 2005 vart teke med på UNESCOs verdsarvliste.

Ansok fekk tildelt Møre og Romsdal fylkes fylkeskulturpris i 1976 og Stranda kommune sin kulturpris i 1983. I 1982 vart han utnemnd til heidersmedlem i Storfjordens Venner.

Kjelder

Oddgeir Bruaset: Folket langs Storfjorden. Oslo 1991

Harald Kjølås: Gardane langs Storfjorden. Oslo 2005

Helge Søvik: Storfjordens venner 1975–1995. Ålesund 1995

Peikarar

Bibliografi i Bibsys

Harald Kjølås: «Sakarias Ansok – fjordfolkets sogeskrivar», Sjøfart og sjøbruk i Storfjorden, storfjord1.no 

Først publisert: 12.02.2019
Sist oppdatert: 12.02.2019