Hopp til innhold
X
Innhald

Sivert Aklestad

Sivert Simonsson Aklestad frå Hjørundfjord var gardbrukar, emissær, klokkar og lokalhistorikar. Han skreiv mange dikt og songar med kristeleg innhald.

Sivert Aklestad var fødd 1. april 1889 på Sæbø i Hjørundfjord og døydde 25. oktober 1965 på aldersheimen der. I 1895 kjøpte foreldra ein teig av Aklestad i Bondalen, der dei dyrka og bygde heimen «Nygård». Sivert var eldst av åtte sysken, og han fekk tidleg mykje ansvar då mora døydde i 1905 og faren i 1914. Vinteren 1909–10 gjekk han Sunnmøre Ungdomsskule i Ulsteinvik.

Aklestad vart tidleg med i den lokale kristelege ungdomsforeininga og skreiv i lagsbladet. Frå 1917 reiste han rundt på Vestlandet som forkynnar for «Kinamisjonen» (Norsk Luthersk Misjonssamband) og frå 1929 for Norges Kristelege Ungdomsforbund. I heimbygda hjelpte Aklestad til med søndagsskulen, og frå 1941 til 1959 var han klokkar i Hjørundfjord kyrkje.

I mange år sende Aklestad stoff frå Hjørundfjorden til Sunnmørsposten. På oppmoding frå heradstyret laga han minneskriftet Hjørundfjord kommune 1837–1937 til 100-års-jubileet for formannskapslovene.

Heilt frå ungdomen skreiv Aklestad ein god del både prosa og poesi. Tekstane vart publiserte i kristelege organisasjonsblad, og i 1927 gav han ut samlinga Små kristelege songar og dikt. Nye dikt vart lagde til heilt fram til sjette og siste opplaget, som kom i 1963 med 154 dikt.

Nokre av dikta han skreiv, er på bokmål, men dei aller fleste på nynorsk. Fleire vart tonesette, og «No syng det i mitt hjarta» kom med i Sangboken. Syng for Herren frå 1955.

Kjelder

E‑postar frå Sigve Aklestad 19.2. og 20.2.2018

Ivar Grøvik: Hjørundfjordboka. Kultursoga, bd. 2. Volda 1977

Lars Strømme og Ragnar Standal: Hjørundfjordboka, bd. 5: Gard og ætt. Volda 1993

Ragnar Ørstavik: «Aklestad, Sivert», Kristen sang og musikk, bd. 1. Oslo 1962

Peikarar

Sivert Aklestads tekster i oria.no

Først publisert: 27.07.2018
Sist oppdatert: 10.10.2018