Hopp til innhold
X
Innhald

Sverre Asmervik

Sverre Asmervik, fødd i 1942, er forfattar og psykolog. Han har skrive mellom anbna den dokumentariske romanen "Men tankene mine får du aldri", om prostitusjon i Oslo.

Sverre Asmervik, fødd i 1942, er forfattar og psykolog. Han debuterte med Skilt i 1976 og har gitt ut ei rekkje dokumentariske romanar og bøker, mellom andre Men tankene mine får du aldri (1982), om prostitusjon i Oslo, Og så kom vi til Norge... (1977), om situasjonen til innvandrarar, Kamini (1987), om etniske konfliktar på Sri Lanka, Elskeren (1991), I lyst og bedrag (1993) og Vi som fyller nettene (1998). Asmervik har òg skrive fagbøker i psykologi og spesialpedagogikk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.04.2016
Sist oppdatert: 21.04.2016