Hopp til innhold
X
Innhald

Arne Berggren

Arne Berggren, fødd 1960, er forfattar og musikar. Han har gitt ut ungdomsbøker, mellom andre Frøken brenner! (1991), Stillemannen (1992), som vart filmatisert, Vanessa (1993), Den ømme morderen (1994), og serien om Aldo Monrad: Kornetten (1995), Dronningen (1996), Fisken (1997), Meningen med livet (1999) og Konfirmanten (2009). Romanpersonen Aldo Monrad blei seinare ein teikneseriefigur i Aftenposten.
 
Berggren har òg skrive barnebøker, til dømes Stor gutt (2003) og Gutten som hatet fotball (2007), og romanane Instamatic (1994) og Webers lov (1998).
 
Han har skrive både skodespel og TV- og filmmanus.
Berggren fekk Kritikerprisen for barne- og ungdomsbøker i 1992.
 
Han har òg gitt ut plater med poprock-bandet The Tunicates og duoen Dronning Mauds land.


Sist oppdatert: 20.11.2014