
Arve Brunvoll
Arve Brunvoll er prest, professor og salmediktar. Han var med i redaksjonen for Norsk Salmebok (1985), og han har omsett fleire tekstar som har vorte svært populære.
Arve Brunvoll er fødd i Molde 17. juni 1937 og vart tilsett ved Norsk Lærarakademi (NLA) i Bergen i 1968. Etter at han gjekk av for aldersgrensa i 2007, har han vore professor II der.
Etter teologisk embetseksamen ved Menighetsfakultetet i Oslo i 1962 har han ein doktorgrad frå Glasgow University i 1968 om etikk og ein frå Universitetet i Bergen i 1997 om høvet mellom Luther-forståing og religionskritikk hjå filosofen Ludwig Feuerbach.
Brunvoll var skuleungdomsprest i Norges kristelige student- og skoleungdomslag i Stavanger 1964–1968, førsteamanuensis i systematisk teologi ved NLA frå 1968, rektor der i perioden 1992–1995 og professor frå 1999.
Gjennom fire tiår var Brunvoll ein avhalden undervisar i systematisk teologi. Samstundes har han ein omfattande fagleg produksjon – særleg på områda etikk og salmeforsking. Mellom dei mange vitskaplege og kyrkjelege verva hans kan nemnast arbeidet i Liturgikommisjonen og Salmebokkomitéen for Den norske kyrkja 1972–1984.
I Norsk Salmebok (1985) hadde Brunvoll seks eigne salmar og over tretti omsetjingar eller gjendiktingar. Både hans originale «Du Ord frå alle æver» og den gamle irske «Deg å få skoda» har vorte mykje nytta i norske gudstenester frå slutten av 1980-åra.
Brunvoll er den som har aller flest salmar i den nye Norsk Salmebok (2013). Der har han heile 44 omsetjingar. Berre nynorskpioneren Bernt Støylen er i nærleiken av det talet med 38. Med sju eigne salmar er Brunvoll saman med Edvard Hoem (som har elleve) ein av dei to nolevande nynorskforfattarane som har flest salmar i boka.
Arve Brunvoll har omsett Martin Luthers salme "Fader vår" til nynorsk for første gong, etter førespurnad frå Ivar Aasen-tunet i samband med Luther-jubileet i 2017. Ragnar Bjerkreim har laga musikk til. Kirsten Ragnhild Grimstad syng og Geir Harald Eikrem spelar til. Video: Ivar Aasen-tunet/ Nynorsk kultursentrum.
Kjelder
Arve Brunvoll, CV [lesedato 11.4.2018]
Norsk salmebok. Stavanger 2013
Sist oppdatert: 14.11.2019