Hopp til innhold
X
Innhald

Jon Bing

Jon Bing, 19442014, var professor dr. juris i rettsinformatikk og forfattar. Som jurist forska han mykje på tilhøvet mellom jus og informasjonsteknologi, og han skreiv ei rekkje fagbøker. Som skjønnlitterær forfattar skreiv han romanar, barnebøker, noveller, skode- og høyrespel. Også her var Bing oppteken av forholdet mennesket har til teknologi.
 
Jon Bing. Foto © Lars Aarønæs/Gyldendal Norsk Forlag.
Jon Bing. Foto © Lars Aarønæs/Gyldendal Norsk Forlag.
 
Saman med Tor Åge Bringsværd var Bing pioner for science fiction-sjangeren i Norge, og dei samarbeidde òg om ei rekkje andre prosjekt. Frå 1993 til 2000 var han formann i Norsk Kulturråd. Bing fekk Brages heiderspris 2001.


Sist oppdatert: 21.11.2014