Hopp til innhold
X
Innhald

Kari Bøge

Kari Bøge, fødd 1950, er forfattar og illustratør. Ho debuterte med diktsamlinga Asmorelda i 1971 og har mellom anna skrive romanane Viviann, hvit (1974), Lyset er så hvitt om sommeren (1975), Viviann og Lin (1980), Søster Viviann (1988), For alt jeg vet (2000), Og hva så (2001), Lins bok (2002), Til og fra fest (2010) og Etter festen (2011).
 
Saman med Arild Stubhaug gav ho ut Til avtalt tid (1979) og Dikt om portar og rom (1979). Bøge har òg gitt ut noveller, og ho har både skrive og illustrert fleire barne- og ungdomsbøker.
 
Sjå video frå NRK Skole, der Bøge snakkar om kommunikasjon mellom kvinner og menn, fortalg i romanen hennar Lyset er så hvitt om sommeren:
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 19.11.2014