Hopp til innhold
X
Innhald

Øyvind Berg

Øyvind Berg, fødd 1959, er forfattar. Han har mellom anna gjeve ut diktsamlingane Retninger (1982), Barn er et hardt språk (1984), Vitenskap for barn (1985), Et foranskutt lyn (1986), Totschweigetaktiken (1988), Kunngjøring (1992), Poe si tid (1993), Forskjellig (1995), Kjærlighetc. (1997), Nede fortelling (2000), Billigbok (2003), Olavers 2 og andre dikt (2006) og Blindedikt (2010).
 
Han har òg skrive essay, til dømes i samlinga Poesi og lærepenger, og skodespel.
 
Berg var sentral i kunstnarkollektivet Baktruppen, som var verksamt frå 1986 til 2011. Siste året kom boka Tekster for Baktruppen 1994–2009 ut. Han har gjendikta poesi av Paul Celan, William Shakespeare, Bertolt Brecht, Heiner Müller, Per Højholt, Kenneth Patchen og Ezra Pound. Berg fekk Brageprisen i 1995 og Aschehougprisen i 1999.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 19.11.2014