Hopp til innhold
X
Innhald

Paal Brekke

Paal Brekke, 1923–93, var forfattar. Han debuterte i 1942 med Av din jord er vi til. Han var då flyktning i Sverige og vart påverka av dei svenske "fyrtiotalisterna". B
 
rekke var ein sentral figur i modernistisk, norsk etterkrigslyrikk. Han gav mellom anna ut diktsamlinger som Jeg gikk så lange veier (1945), Skyggefektning (1949), Roerne fra Itaka (1960), Det skjeve smil i rosa (1965), Aftenen er stille (1972), Men barnet i meg spør (1992) og Ostinato, som kom ut posthumt i 1994.
 
Paal Brekke. Foto: ukjend. Kjelde: Gyldendals historiske portrettarkiv/Nasjonalbiblioteket
Paal Brekke. Foto: ukjend. Kjelde: Gyldendals historiske portrettarkiv/Nasjonalbiblioteket
 
Brekke skreiv òg romanar, mellom andre Aldrende Orfeus (1951) og Og hekken vokste kjempehøy (1953), essay og reiseboka En munnfull av Ganges (1962). Han fekk Kritikerprisen i 1972.
 
Brekke var òg gjendiktar, mellom anna av nobelprisvinnaren T.S. Eliots langdikt Det golde landet, som kom på norsk i 1949. Brekke fekk Norsk kulturråds omsetjarpris i 1972.
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 19.11.2014