Hopp til innhold
X
Innhald

Tor Åge Bringsværd

Tor Åge Bringsværd er forfattar. Han debuterte som science fiction-forfattar og har også skrive dei populære barnebøkene om Karsten og Petra.

Tor Åge Bringsværd, fødd 1939, er forfattar. Han debuterte som science fiction-forfattar i samarbeid med Jon Bing med novellesamlinga Rundt solen i ring (1967). I 1970- og 1980-åra var han etablert mellom dei leiande norske forfattarane, med romanserien GOBI som førebels høgdepunkt. Vidare skreiv han romanane Pudder? Pudder! (2001) og Web (2005).
 
Bringsværd har engasjert seg i mange sjangrar, mellom andre skode- og høyrespel og biletbøker for barn. Seriane om Ruffen og om Karsten og Petra er folkekjære forteljingar for barn.
 
Tor Åge Bringsværd og illustratør Anne G. Holt har laga bøkene om Karsten og Petra. Foto: Cappelen Camm CC BY 3.0
Tor Åge Bringsværd og illustratør Anne G. Holt har laga bøkene om Karsten og Petra. Foto: Cappelen Camm CC BY 3.0
 
Han har òg arbeidd med å leggje til rette for norrøn mytologi i Vår gamle gudelære 1–12 (1985–95), og han har vore medredaktør i serien Barnas Beste. Bringsværd har fått ei rekkje prisar for forfattarskapen, til dømes Kritikarprisen (1985), Brages heiderspris (2009) og Norsk Kulturråds ærespris (2010).
 
Bøkene om Karsten og Petra har også vorte filmatiserte.
 
Sjå video frå NRK SKole:
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 19.11.2014