Hopp til innhold
X
Innhald

Tor Bomann-Larsen

Tor Bomann-Larsen, f. 1951, er teiknar og forfattar.

Han har vore politisk teiknar i ei rekkje aviser og har gitt ut satiriske teikneseriar, mellom anna om Fridtjof Nansen, og illustrerte bøker. Nokre døme er Den perfekte politiker (1989) og Da det gjaldt (1990), ein parodi på krigslitteraturen, De fleste har nok med å leve. Et rabiat essay om Sigurd Christiansen (1991) og fotoillustrerte Den evige sne. En skihistorie om Norge (1993).

 Bomann-Larsen har elles gitt ut biografiar over Roald Amundsen (1995) og Sigurd Christiansen (1997). Som romanforfattar debuterte han med Livlegen (1999). Seinare har det kome ein serie biografiar over kong Haakon og dronning Maud. For bindet Folket (2004) fekk han Brageprisen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017