Hopp til innhold
X
Innhald

Henning Kramer Dahl

Henning Kramer Dahl er lyrikar og gjendiktar.

Henning Kramer Dahl, fødd i 1962, er lyrikar og gjendiktar. Han har mellom anna gitt ut diktsamlingane Barfrost (1983), Et annet rom, et annet hjerte (1987), Forberedelser til eksil (1993), Værhårmusikk (1995), Hundehymner, benhuspoesi (2000) og Månen er borte (2003). Saman med Håkon Harket har Dahl gjendikta Leonard Cohen, Nådens bok, som kom i 1985. Han har òg gjendikta Fernando Pessoa og Sylvia Plath. I Havet er historien (1992) gjendikta han Derek Walcott. Dahl skriv òg essay, til dømes i Tiden leger alle sår (1996).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.04.2016
Sist oppdatert: 21.04.2016