Hopp til innhold
X
Innhald

Niels Fredrik Dahl

Niels Fredrik Dahl, fødd 1957, er forfattar og journalist. Han debuterte med lyrikksamlinga I fjor var litt av en natt (1988), som vart følgd av mellom andre Branngater (1992) og Min tredje muskel (1999). Dahl gav ut novellesamlinga Fluenes gate i 1990. Gjendiktinga av Federico García Lorcas Dikter i New York kom ut i 1991.
 
Han har skrive romanane Journalisten (1997), På vei til en venn (2002), som han fekk Brageprisen for, I fjor sommer (2003) og Herre (2009). Dahl har òg skrive dramatikk, mellom anna stykka Som torden (2000) og Henrik og Emilie (2006), som handlar om Henrik Ibsen og Emilie Bardach.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 19.11.2014