Faktaboks

Olav Duun
Ole Julius Duun
Fødd
21. november 1876, Jøa i Fosnes, Namdalen, Norge
Død
13. september 1939, Holmestrand, Norge
Verke
Forfattar
Familie

Foreldre: Bonde og fiskar Johannes Antonius Olsen Duun (1851–1936) og Elen Jensdatter Fossum (1851–1926).

Gift i Botne 31.8.1908 med meierske Emma Georgine Møller (10.7.1881–1970), dotter (utanfor ekteskap) til handelsmann Johan Møller og Elise Dyblie.

Olav Duun

Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Olav Duun
Av /NTB Scanpix ※.
Olav Duun, 1928
Olav Duun, 1928
Av / Sparebankstiftelsen DNB / Norsk Teknisk Museum.
Lisens: CC BY 3.0

Olav Duun. Byste av Stinius Fredriksen

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Frå Otto Homlung si dramatisering av JuvikfolkeDet Norske Teatret i 2004. Paul-Ottar Haga som Lauris og Lasse Kolsrud som Odin

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Olav Duun var ein norsk forfattar og lærer og blir rekna som ein av dei fremste romanforfattarane våre. For hovudverket, dei seks bøkene om Juvikfolket, var han nær ved å få Nobelprisen i litteratur fleire gonger. Medmenneske-trilogien er eit anna hovudverk, og både der og i dei litt meir «moderne» romanane frå 1930-talet er det alvorlege etiske spørsmålet som blir teke opp i dikterisk form. Duun er også ein ypparleg novelleforfattar.

Bakgrunn

Duun rodde fiske i mange år før han byrja på lærarskulen i Levanger, der norsklæraren Vetle Vislie fekk mykje å seie for han. Han debuterte med ei samling historier, Løglege skruvar og anna folk i 1907, medan Marjane kom året etter. Duun gifta seg i 1908 med Emma Møller og flytta til Botne ved Holmestrand, der han var lærer fram til 1927 og budde til sin død.

Forfattarskapen

Duun sin forfattarskap kan gjerne omtalast ved å plassere det meste han skreiv i forhold til to heilt sentrale hovudverk: Juvikfolke (6 bind i åra 1918–1923) og Medmenneske-trilogien (1929–1933). Før Juvikfolke kom Duun med ei ny bok kvart år. Handlinga er lagt til Namdalen og går føre seg blant bønder og fiskarar. Det er sterkt dramatiske bøker med mange vonde lagnader, tungt slit og harde konfliktar når Duun viser oss menneske i kamp både mot ein barsk natur og mot krefter i eige sinn. Men dei store konfliktane, den verkelege sjelekampen som går føre seg over lang tid og viser ei djup innsikt i ein bygdekultur i forvandling, kjem på meisterleg vis til uttrykk i Juvikfolke.

Juvikfolke

Dei seks bøkene som utgjer Juvikfolke, fell i to delar, der dei tre første lèt oss følgje «folke som kjem stomlande hit gjennom gamletida og mørkre og har berre svartmaka rundan ikring seg» fram mot ei skildring av overgangs- og oppløysingstid i tredje bind. Dei tre siste bøkene tek oss via hovudpersonen Odin Setran gjennom ei sterk brytningstid frå omkring 1880 fram til 1918. Alle seks bøkene er i og for seg sjølvstendige romanar, men dei hengjer også nøye saman gjennom sjølve tidsforløpet og utviklingshistoria og skildringa av ei slekt gjennom mange generasjonar.

Bøkene Juvikingar, I blinda og Storbrylloppe følgjer tre generasjonar frå rundt 1800. I den første blir me kjende med den første av juvikingene, Per Anders, medan barnebarnet Anders er ein avgjerande skikkelse som ber i seg all arv av kraft og råskap i slekta. Han prøver å stoppe det som synest å vere ein arv av blindskap i slekta, ved å blinde seg sjølv, og først når han er blind, blir han verkeleg sjåande. Eit rikt persongalleri og ei rekkje dramatiske hendingar gjer bøkene til nokre av dei sterkaste i norsk romandikting, og når me i Storbrylloppe i tid nærmar oss 1880, ser me moderniseringa av landbruket og dermed av heile bondesamfunnet. Romanen har vorte kalla «den merkelegaste sosialhistoriske romanen i heile diktinga vår» av Rolv Thesen. Konflikten mellom det gamle og det nye toppar seg i ei blanding av tragisk og komisk framstilling av sjølve «storbrylloppe».

Tonen er ein heilt annan i bøkene om Odin Setran, som er hovudfigur i dei tre siste bøkene: I eventyre, I ungdommen og I stormen. Den første boka er ei vakker og medrivande skildring av Odins barndom og oppvekst frå han blir bortsett og er litt bekymra fordi han «berre er sju år», men viser seg å vere han i slekta som kan stanse «den ville farten» og føre bygda og folket inn i ei ny tid med heilt andre krav til måten ein lever på, både for seg sjølv og i forhold til andre. Ein opplever brytningstider på nesten alle nivå gjennom alle bøkene. Duun gjer seg nærast ferdig med dei større historiske linjene fram mot eit sivilisert og ordna samfunn i dei siste bøkene, men konfliktane er ikkje borte – dei er berre andre og annleis.

Odin er den store helten i Juvikfolke, den som må bere bygda på skuldrene, som føler at han er sjølve bygda og skaper ho om til beste for menneska der. Men også Odin må ta ryggtak med noko som liknar sjølve Djevelen, sjølve vondskapen, personifisert i motstandaren Lauris. Det endelege oppgjeret på båtkvelven i I stormen kan minne om dei store konfliktane hos ein diktar som Fjodor Dostojevskij. Odin må ofre seg, men problemet til vondskapen følgjer forfattaren vidare i forfattarskapen.

Det er ikkje urimeleg å sjå Juvikfolke i forhold til dei mektige islendingesogene, både på grunn av forteljarmåte og forståing som blir formidla, og fordi Odin sine røter sit djupt i fortid og levande kjenne slektssamanhengen og dei krava han stiller.

For Juvikfolke vart Duun nominert til Nobelprisen i litteratur ei rekkje gonger, men nådde aldri heilt opp.

Perioden etter krafttaket med Juvikfolke måtte bli ein slags mellomperiode, slik det tydeleg kjem til uttrykk i novellesamlinga Blind-Anders frå 1924, som gjennom forteljaren direkte er knytt til Juvikfolke.

Medmenneske

Olav Duun
Olav Duun, 1936.
Av /Norsk Folkemuseum.

Den kanskje best komponerte og mest las romanen i forfattarskapen er Medmenneske (1929), som vart framleis i Ragnhild (1931) og Siste leveåre (1933). Dei to siste bøkene er langt svakare enn den første, kanskje fordi Ragnhilds soning og endelege oppgjer ikkje har moglegheit til å nå opp i styrke og intensitet mot det indre og ytre kampen i den første boka. Det er kompliserte moralproblem som blir her tekne opp, og Medmenneske har vist seg å ha sterk appell også på scena, for første gong på Det Norske Teatret i 1937 og seinare også filmatisert for TV. Som scenestykke høyrer det til det beste i nynorsk dramatikk i det heile.

Duun sin seinare forfattarskap er prega av uro og førkrigsstemning, men hans siste novellesamling, Vegar og villstig (1930), er i positiv forstand forankra i kjent miljø frå tidlegare i forfattarskapen. Men samlinga går også langt vidare enn det nære og lokale og er på mange måtar ei svært moderne samling, kanskje Duuns einaste eigentlege novellesamling. Romanen Ettermæle (1932) bruker forma til kriminalromanen til å gjennomføre djuptloddande psykologiske undersøkingar, medan dei to siste bøkene, Samtid (1936) og Menneske og maktene (1938) viser sjølve undergangen, då stormfloda skyl over Øyvære, og det blir klart kven som er verd kva. Trass undergangsstemning står ein bodskap om urokkeleg og ukrenkjeleg tru på liv og livskraft tilbake. Duun si siste bok er i tillegg ei svært moderne bok reint komposisjonsmessig.

Utmerkingar

  • I 1919 fekk Duun diktergasje.
  • I 1936 fekk han Henrich Steffens-prisen.

Samleutgåver

  • Skrifter i 12 bind ved Rolf Thesen kom i 1948–1949; seinere i nye utgåver.
  • Soger og forteljingar kom i 4 bind i 1976.

Verk

Tittel År
Løglege skruvar og anna folk (forteljingar) 1907
Marjane 1908
Paa tvert 1909
Nøkksjølia 1910
Gamal jord (forteljingar) 1911
Hilderøya 1912
Sigyn 1913
Tre venner 1914
Harald 1915
Det gode samvite 1916
På Lyngsøya 1917
Juvikfolke (6 bind) 1918–1923
Blind-Anders (eventyr og bygdesagn) 1924
Straumen og evja 1926
Olsøygutane 1927
Carolus Magnus 1928
Medmenneske (dramatisert 1937) 1929
Ragnhild 1931
Siste leveåre 1933
Vegar og villstig (noveller) 1930
Ettermæle 1932
Gud smiler 1935
Samtid 1936
Menneske og maktene 1938
Soger og forteljingar 1–41 1976

1Bind 4 inneheld noveller som ikkje har vore gitt ut i bokform før

Vannebo, Einar: "Duun-bibliografi" i Norskrift, nr. 63 (1990), 109–22

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Birkeland, Bjarte: Olav Duuns soger og forteljingar: forteljekunst og tematikk, 1976
  • Dalgard, Olav, red.: Olav Duun : ei bok til 100-årsjubileet, 1976
  • Fetveit, Leiv: Juvikfolke og tradisjonen, 1979
  • Fløttum, Sivert: Olav Duun : dikteren på Rambergfjellet, 2003
  • Gujord, Heming: Olav Duun : sjøtrønder, forteller, 2007
  • Hageberg, Otto: Forboden kjærleik: spenningsmønster i Olav Duuns dikting, 1996
  • Hageberg, Otto: Olav Duun : biografiske og litteraturhistoriske streiflys, 1996
  • Haukaas, Kaare: Olav Duun og bøkene hans : ein bibliografi, 1954
  • Høystad, Ole Martin: Odin i Juvikfolke: Olav Duuns språk og menneskesyn, 1987
  • Haakonsen, Daniel. Olav Duun : tre essays, 1958
  • Idsø, Liv Marit. Duun : eit omriss, 2000
  • Johnson, Pål Espolin: Mennesket i motgang: en innfallsport til Olav Duuns diktning, 1973
  • Svensen, Åsfrid: Mellom Juvika og Øyvære: tre artikler om Olav Duuns romaner, 1978
  • Syed, Grethe Fatima. Olav Duun. Kunsten, døden og kjærlighetens dikter, 2015
  • Sæteren, Asbjørn: En dikter og hans stil, 1953
  • Sæteren, Asbjørn: Mennesket og samfunnet: en motivundersøkelse innenfor O.D.s diktning, 1956
  • Thesen, Rolv: Mennesket og maktene : Olav Duuns dikting i vokster og fullending, rev. utg., 1945
  • Tveterås, Alf m.fl.: Seks unge om Olav Duun, 1950
  • Zumsteg, Hans Joerg: Olav Duuns Medmenneske-Trilogie, 1984

Faktaboks

Olav Duun
Historisk befolkingsregister-ID
pf01073809002192

Kommentarar (2)

skreiv Odd Sørås

Eg har nettopp sendt ein kladd der eg har skrive inn rettingar til artikkelen om Olav Duun, dei fleste udiskutable. Artikkelen inneheld svært mange grammatiske feil/skrivefeil, det er ikkje godt å vite kva som er kva. Dessutan er det fleire setningar som er usamanhengande, ugrammatiske og uklåre, også med feilopplysningar, men som eg ikkje på eiga hand vil gje meg til å omskrive. Uvanleg å finne så mykje rart i ein SNL-artikkel! Eg kan godt utdjupe dette, men eg veit ikkje om dette er rette staden.

Mvh
Odd Sørås

skreiv Kjell-Olav Hovde

Hei Odd, takk for tips. Vi setter alltid stor pris på at oppmerksomme lesere retter feil og unøyaktigheter. Det beste er om du sender inn endringsforslag direkte i artikkelen. Klikk på lenken "Foreslå endringer" under artikkelen. Ser fram til å lese og publisere endringsforslaget ditt. Beste hilsen Kjell-Olav i redaksjonen

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg