Hopp til innhold
Runar K. Dahle. Foto: ©Rolf M Aagaard, Gyldedal. Nytta etter avtale.
Runar K. Dahle. Foto: ©Rolf M Aagaard, Gyldedal. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Runar K. Dahle

Runar Kringeland Dahle, norsk forfattar som skriv noveller og romanar for vaksne. Han har òg omsett barnebøker frå engelsk og tysk.

Runar Dahle er fødd i Bergen 23. april 1981 og er busett same staden. Han var elev ved Austrheim vidaregåande skule i 1997–2000, har ein bachelorgrad i engelsk litteratur og kultur ved Universitetet i Bergen frå 2004 og ein mastergrad i same fagområde frå 2006. I 2006–07 tok han eit årsstudium i nordisk litteratur same staden.

Etter studietida var Dahle frilans korrekturlesar, språkvaskar og omsetjar. Frå 2009 budde han ei tid i Edinburgh i Skottland. Der tok han ulike strøjobbar medan han arbeidde med manuset til debutboka. Etter at han vende tilbake til Noreg, har han stort sett arbeidd innanfor psykiatrien, men har òg vore innom læraryrket. 

Dahle debuterte i 2010 med den kritikarroste novellesamlinga Der har vi deg, ja. I dei sju novellene møter lesaren personar i turbulente livssituasjonar. Dei er på leit etter vegar å gå, men utryggleik gjer det vanskeleg å velje retning. I 2012 kom romanen Bak auga er det natt. Hovudpersonen Hans vaknar opp på sjukehus etter ei dramatisk hending. Han legg ut på reise for å finne ut kva som skjedde då han kollapsa.

Romanen Forskjellen på blomster og ugras (2017) tek utgangspunkt i ei verkeleg hending. I 2004 drukna meir enn tjue illegale kinesiske innvandrarar på ei strand i England. Hovudpersonane, Stein og Ingrid, er vitne til hendinga der kinesarane vert tekne av det kraftige tidvatnet. Boka inneheld skildringar av nære og vare relasjonar, samstundes som ho rettar søkjelyset mot samfunnstema som menneskehandel og moderne slaveri.

Dahle har omsett fleire barnebøker frå engelsk og tysk, mellom dei Når mamma blir eit monster av tyske Marcus Sauermann og Kvar er mamma mi? av irske Chris Haughton. Begge bøkene kom på norsk i 2013. Han har òg omsett brørne Grimm sitt eventyr «Snøkvit» (2013) og vaksenboka Blod på hjernen (2008) av Christopher Moore.

Kjelder

E-post frå Runar Dahle 24.9.2019

Mellom bakkar og berg: «Bokdrøs og fyrstekake – ein samtale med Runar Dahle», podkastintervju, soundcloud.com, publisert 5.6.2019: https://soundcloud.com/mellom-bakkar-og-berg/episode-04-bokdros-og-fyrstekake-ein-samtale-med-runar-dahle?fbclid=IwAR0MEoXQ1Lk6KvM8v_Mxlx6BWYeXjBm9FbsP1InL0QwbYmVlH62EYzlgTH8 [lyttedato 28.9.2019]

Peikarar

Bok365: «– Historia lét meg ikkje vere i fred», bok365.no https://bok365.no/artikkel/historia-let-ikkje-vere-fred/
Gyldendal Norsk Forlag: «Bokfrokost med Runar Dahle og Vidar Kvalshaug», video, facebook.com https://www.facebook.com/gyldendal.no/videos/bokfrokost/10155190448388111/

Først publisert: 22.11.2019
Sist oppdatert: 23.04.2020