Hopp til innhold
X
Innhald

Terje Dragseth

Terje Dragseth er ein allsidig og produktiv norsk forfattar, musikar og filmskapar. Han skriv mest poesi, men har òg erfaring frå rockeband, film og teater.

Terje Dragseth er fødd 26. juni 1955 i Kristiansand, der han òg er busett. Han tok utdanning som filminstruktør ved Den Danske Filmskole i København i 1983–87.

Dragseth har ein allsidig yrkesbakgrunn. Han har arbeidd som reingjeringsassistent, teknisk isolatør, skiftarbeidar på fabrikk, rekvisitør, filmarbeidar og musikar. Og han har vore skodespelar ved Grusomhetens Teater i Oslo og Odin Teatret i Danmark. Dragseth er no forfattar på heiltid.

Diktsamlinga Offerfesten, frå 1980, var Dragseth sin skjønnlitterære debut. Sidan har det kome mange diktsamlingar. Jeg tenker lik en pike som tar sin kjole av (1982), Nå er alle steder (1989), Kvitekråkas song (2005) og Bella Blu. Håndbok for verdensrommet (2012) er av dei mest sentrale. Den sistnemnde samlinga er noko så sjeldan som ei omfangsrik sciencefiction-diktsamling. I 2018 gav han ut Drømmeboka. En okkult dagbok, der han utforskar kor nær draum og dikt står kvarandre i medvitet. Han har òg skrive noveller og dramatikk, og han har gjendikta den amerikanske poeten Laura Riding Jackson til norsk (Tid for helvete, 2004). Saman med ti andre gjendiktarar gav han i 2006 ut tekstar av Leonard Cohen i Lengselens bok.

Dragseth er ein kompromisslaus og modig forfattar, og opprøret er eit sentralt aspekt ved forfattarskapen. Jamvel om motiva hans er moderne, har fleire plassert Dragseth i den hymniske tradisjonen, av mellom andre Henning Hagerup. Sjølv har Dragseth kalla seg realist.

Som musikar, vokalist og låtskrivar har Dragseth markert seg i bandet I Sing My Body Electric, som mellom anna har gitt ut platene I Sing My Body Electric (2009), ZnZ (2014) og The Color of Sound (2016). Noko tidlegare var han medlem av rockebandet Kong Klang, som gav ut og turnerte med tekstar av Dragseth – Logg i 2002 og Kvitekråkas song. Dikt og songar, eit gorrlaust makkverk i 2005.

Filmskaparen Dragseth står bak mange kortfilmar, oftast med litterært innhald. Dolkaren, frå 2010, er eit videoessay om poeten Paal Helge Haugen og hans samarbeid med biletkunstnaren Kjell Nupen og den danske poeten Inger Christensen. I 2012 vart performance-versjonen av boka Bella Blu gitt ut som DVD, med Dragseth som hovudaktør. Musikkvideoar til I Sing My Body Electric sitt album ZnZ vart i 2013 publiserte på YouTube og Vimeo.

Dragseth fekk Statens kunstnarstipend frå 2006 til 2011. For Bella Blu fekk han i 2012 Fabelprisen for beste norske verk innanfor fantastisk litteratur. I 2013 fekk han Triztan Vindtorns poesipris for innsatsen sin for norsk poesi, og i 2016 vart han tildelt det prestisjetunge danske F.P. Jacs Mindelegat. Frå 2012 har han statens garantiinntekt for kunstnarar.

Kjelder

E‑post frå Terje Dragseth 15.2.2019

Forfattarside hos Cappelen Damm, cappelendamm.no: https://www.cappelendamm.no/forfattere/Terje%20Dragseth-scid:35960#omtale [lesedato 15.2.2019]

Forfattarside hos Forfatterkatalogen, forfatterkatalogen.no: https://www.forfatterkatalogen.no/forfattere/terje-dragseth/ [lesedato 18.2.2019]

Bandside hos Bandcamp, bandcamp.no: https://ismbe.bandcamp.com/ [lesedato 18.2.2019]

Peikarar

Arne Guttormsen: «Skrev messetekst for alle troende», vl.no https://www.vl.no/kultur/skrev-messetekst-for-alle-troende-1.1086664

Fredrik Wandrup: «I Sing My Body Electric med vinylplate som klinger i fire farger», dagbladet.no https://www.dagbladet.no/kultur/i-sing-my-body-electric-med-vinylplate-som-klinger-i-fire-farger/60387171

Terje Dragseth: «Det finnes et 'dark room' i oss alle», aftenposten.no https://www.aftenposten.no/meninger/debatt/i/WMkAk/Kronikk-Det-finnes-et-dark-room-i-oss-alle--Terje-Dragseth

Terje Dragseth: «Bella Blu», youtube.com https://www.youtube.com/watch?v=81wf9Myx3YI

Først publisert: 11.11.2019
Sist oppdatert: 12.11.2019