Hopp til innhold
X
Innhald

Theodor Dahl

Theodor Dahl, journalist, forfattar og forteljartalent med sans for folkeleg replikk-kunst og livet på Jæren og i Stavanger.

Theodor Dahl var fødd 4. november 1886 på Klepp på Jæren og døydde same staden 5. mai 1946. Etter framhaldsskulen var han krambubetjent i Sandnes frå 1902 til 1904. Han tok deretter eksamen ved Stavanger offentlige handelsskole og var forretningsførar hos ein grosserar i Stavanger før han vart journalist i Stavanger Avis frå 1906. Dahl var så redaktør i Stavanger Morgenblad frå 1911 i eitt år og var kunsthandlar ei kort tid. Han var journalist i Vestlandsposten frå 1914 til 1916 og sidan journalist i Stavangeren i tretti år, fram til han døydde.
Dahl var oppteken av det nære og folkelege og hadde ofte ein humoristisk brodd. Han var inspirert av Christian Krohgs journalistikk og var mellom dei første som nytta portrettintervju. Frå 1938 var Dahl kåsør i NRK på frilansbasis og samarbeidde med kulturarbeidar og programsekretær i NRK, Arne Espeland. Dahl vanka i kunstnar- og forfattarkrinsar og var sjølv eit originalt innslag i bybiletet i Stavanger og ein karismatisk forteljar.
Før Dahl debuterte med jærbetraktningane Lyngheifolk i 1921, hadde han publisert kjærleiksdikt og minnedikt i dagspressa. Han skreiv seinare både folkelivsskildringar og psykologiske romanar, der Manden paa Timpelleitet (1923) er eit døme. Diktsamlinga Jeg kranser min jord (1938) har stort innslag av jærmålet. Ei samling rim, regler og forteljingar frå munnleg tradisjon kom ut i 1944, med tittelen Humor fra hav til hei. Biografien Til deg, du hei ... Paa Arne Garborgs minne-vegar kom òg ut dette året, og Dahl var elles påverka av Garborg i mykje av det han skreiv.
Dahl var målmann, men nytta begge målformene. Han fekk Statens forfattarstipend og journaliststipend. Posthumt kom ei bok om menneske Dahl mintest frå livet i Stavanger, Byen og menneskene (1947), illustrert av Henry Imsland.
Kjelder
Anders M. Andersen: Rogalandsbibliografi, del 1. Rogalandsforskning, Stavanger 1980
Ingolv Austad: «Diktningen i Rogaland», i Alf Aadnøy (red.): Rogaland. Oslo 1979
Theodor Dahl: Til deg, du hei ... Paa Arne Garborgs minne-vegar. Stavanger 1944
Engwall Pahr-Iversen: Melankoliker som likte å le. Sandnes 2011
Alf Aadnøy (red.): Rogaland, i serien Bygd og by i Norge. Oslo 1979
Tor Obrestad: «Theodor Dahl», Norsk biografisk leksikon, elektronisk utgåve, Store norske leksikon, snl.no: http://snl.no/.nbl_biografi/Theodor_Dahl/utdypning [lesedato16.2.2012]
Peikarar
Bibliografi i Bibsys

Først publisert: 22.10.2013
Sist oppdatert: 11.04.2018