Hopp til innhold
X
Innhald

Tor Edvin Dahl

Tor Edvin Dahl, fødd 1943, er forfattar. Han debuterte i 1968 med novellesamlinga En sommer tung av regn og gav vidare ut romanar som Guds tjener (1973), Romanen om Eva (1975), Den første sommeren (1980), Renate (1981), Abrahams barn (1982), Bare for en dag (1984), Skjult mørke (1985), Venner (1987), Rytterne (1997) og Paris (2000).
 
Foto: Cappelen Damm
Foto: Cappelen Damm
 
Dahl har skrive kriminalromanar under psevdonymet David Torjussen, men òg seinare under eige namn. Han har skrive ei rekkje bøker for barn og ungdom, skodespel, biografiar, sakprosa og lærebøker. Dahl fekk Rivertonprisen for Etterforskning pågår frå 1973. Bastianprisen fekk han i 1986.
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 19.11.2014