Hopp til innhold
Fam Ekman. Foto med løyve frå Cappelen Damm.
Fam Ekman. Foto med løyve frå Cappelen Damm.
X
Innhald

Fam Ekman

Fam Ekman er barnebokforfattar og -illustratør.

Fam Ekman, fødd i Sverige i 1946, har vakse opp i Noreg. Ho er barnebokforfattar og -illustratør, utdanna ved Statens handverks- og kunstindustriskule, 1965–1969 og ved Statens Kunstakademi, 1979–1984, som begge ligg under Kunsthøgskulen i Oslo no. Ekman debuterte på svensk med Det kan hända i 1969. Hva skal vi gjøre med lille Jill? kom i 1976. Etter det har ho gitt ut ei rekkje barnebøker, ofte med eventyrmotiv, og dyrefablar og med eigne illustrasjonar av høy kvalitet. Ekman har mellom anna illustrert bøker av André Bjerke, Arild Nyquist og Sissel Solbjørg Bjugn. Bøkene hennar har fleire gongar blitt kåra til Årets vakraste bok.

Først publisert: 03.05.2016
Sist oppdatert: 03.05.2016