Hopp til innhold
Jon Ewo. Foto med løyve frå Cappelen Damm.
Jon Ewo. Foto med løyve frå Cappelen Damm.
X
Innhald

Jon Ewo

Jon Ewo er forfattar og bibliotekar. Han fekk Brageprisen i 2007 for "Fortellingen om et mulig drap".

Jon Ewo, fødd i 1957, er ein forfattar og bibliotekar, som er oppteken av språk, mytar og symbol. Han har gitt ut novellesamlingane Det sies at oktober er en fin måned (1986) og Ingen snakker om Marcel (1987) og romanane Langsomt nå, for Matteus' skyld (1991) og Dit gatene går når det er natt (1992). Vidare har Ewo skrive kriminalromanar, sakprosa og ei rekkje barne- og ungdomsbøker. Særleg bøkene i serien om Otto Monster er populære blant barn.

I 1999 fekk han Kulturdepartementets litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur for Sola er en feit gud. Saman med illustratør Bjørn Ousland fekk han Brageprisen i 2007 for Fortellingen om et mulig drap (2007), ein biografi om mellomalderkongen Håkon Sverresson.

Først publisert: 03.05.2016
Sist oppdatert: 03.05.2016