Hopp til innhold
X
Innhald

Odd Eidem

Odd Eidem, 1913–88, var forfattar. Den skjønnlitterære debuten hans kom i 1939 med romanen Uten fane. I tillegg til romanar skreiv han òg skodespel, epistlar, reisebøker, barnbøker, mellom andre Jeppe Jansens Giraff i 1969, den litteraturhistoriske studien Diktere i landflyktighet i 1937 og teaterkritikk.
 
I perioden 1945–77 var han teatermeldar i Verdens Gang i Oslo. Eidem var ein særprega stilist, gjerne ironisk eller humoristisk. Kjende samlingar er Kefir og chianti frå 1958, Sett fra Sirius frå 1963, Zikzak frå 1967 og Con Amore frå 1983. Av andre romanar som han gav ut, var Cruise i 1978 og Pieter og jeg i 1979.
 
Eidem fekk Kritikarprisen i 1978 og Cappelenprisen i 1980.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.03.2013
Sist oppdatert: 12.03.2013