Hopp til innhold

Tomas Espedal

Tomas Espedal, forfattar. Han har skrive ei rekkje sjangerutforskande og sjølvbiografiske romanar som problematiserer skiljet mellom liv og litteratur.

Tomas Espedal er fødd 12. november 1961 i Bergen og voks opp i Ytre Sandviken. Han har studert ved Universitetet i Bergen. Sidan debuten har han vore forfattar på heiltid, og i tillegg har han mellom anna undervist på Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Espedal debuterte i 1988 med romanen En vill flukt av parfymer. Han skreiv fleire romanar det neste tiåret, men først mot slutten av 1990-åra fekk forfattarskapen hans eit klart særpreg. Med Biografi (glemsel) frå 1999 skjer det ei sjølvbiografisk vending i forfattarskapen, som blir følgd opp med Dagbok (epitafer) (2003) og Brev (et forsøk) (2005). Gå. Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv (2006) gav Espedal eit større publikum. I Imot kunsten (notatbøkene) (2009), Imot naturen (2011) og Bergeners (2013) held han fram med den sjølvbiografiske utforskinga av ulike litterære sjangrar, og alle dei tre bøkene blei tekne svært godt imot av kritikarar og lesarar.

Espedal fekk Kritikarprisen og Gyldendalprisen for Imot kunsten, begge i 2009. To år seinare fekk han Brageprisen for Imot naturen. I 2011 var han òg festspeldiktar under Festspela i Bergen. Same året fekk han Riksmålsforbundets litteraturpris, men avslo prisen fordi han ikkje kjende seg att i Riksmålsforbundet sitt språksyn. Han har vore nominert til Nordisk råds litteraturpris tre gonger, og til International IMPAC Dublin Literary Award (2012).

Famlande forsøk og ei vellukka vending

Espedal skreiv fleire bøker før han fann si eiga litterære røyst. Romanane En vill flukt av parfymer, Jeg vil bo i mitt navn (1990), Hun og jeg (1991) og Hotel Norge (1995) vitnar om ein språkleg gåverik forfattar som enno ikkje har funne ei høveleg form. Paradoksalt nok er det nettopp ei form som utforskar og utfordrar litterære former som blir Espedal sitt kjennemerke. I Blond (1996) heiter forteljaren Tomas, og i den sjølvbiografiske trilogien – Biografi (1999), Dagbok (2003) og Brev (2005) – utforskar han dei sjølvbiografiske sjangrane. I tillegg til at romanane bryner seg på andre sjangrar, utfordrar dei òg meir generelt skiljet mellom litteratur og liv.

I den sjølvbiografiske trilogien presenterer han òg ei rekkje tema og motiv som går att i bøkene han har skrive seinare. Det er altså ein klar samanheng mellom bøkene til Espedal. Dei handlar om sorg og tap – både kjærleikssorg og sorg over dei som har gått bort – om skriving som eit arbeid, om bøker, forfattarar og tilhøvet mellom liv og litteratur, kunst og røyndom.

Særleg Gå. Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv (2006) har fått stor merksemd. Det er ei reiseskildring, men òg ein vedkjenningsroman, der Espedal prøver å gå av seg sorga som råka han i den sjølvbiografiske trilogien. Han driv den romantiske sjølvmytologiseringa langt, i samtale med mellom andre Arthur Rimbaud og Jean-Jacques Rousseau, Friedrich Nietzsche og Friedrich Hölderlin, Søren Kierkegaard og Olav Nygard. Ferda går frå Bergen sentrum mot Sognefjorden, og seinare ut i verda – til Frankrike, Hellas og Tyrkia. Espedal går og går – han går i hundane, han går på fylla, men sorga og einsemda går aldri heilt over. Dette er temaet også i den sin neste romanen, Imot kunsten (2009).

(Artikkelen held fram under videoen)

Video: Espedal snakkar for Louisiana kunstmuseum.

Franske førebilete

Espedal sin litteratur er påverka av ei rekkje franske poetar og forfattarar. Særleg Marguerite Duras, Jacques Roubaud og Emmanuel Hocquard synest å ha spela ei viktig rolle for forfattarskapen hans. Dette er ikkje alltid ein direkte og eintydig påverknad, for ingen av desse forfattarane kan seiast å vere romantikarar, medan Espedal er nettopp det. Han fyller setningar og avsnitt til randa med patos og lèt seg sjølv – mennesket og forfattaren – stå i sentrum, kompromisslaust og rått. Det er sterke hendingar og livssituasjonar som dannar ramma for Imot kunsten (2009). I denne boka har kona til forteljaren døydd, og han må vere både far og mor for to små døtrer. Imot kunsten er ei bok om sorg og omsorg, slekt og familie, arbeid og kvardag, om å flytte eller bli verande der ein er.

Også eldre franske forfattarar har påverka Espedal, til dømes Pierre Abélard. I Imot naturen (2011) skriv Espedal si eiga kjærleikssorg opp imot Abélard si kjende brevveksling med Héloïse, den unge eleven og elskaren hans. Også Espedal skriv om den vanskelege kjærleiken til ei yngre kvinne, og den fleirtydige tittelen spelar med. Handlar dei i tråd med naturen, eller er denne kjærleiken tvert om naturstridig? Espedal legg seg nær på klisjéutsette kjensler og situasjonar, men maktar å halde liv i dei, gjere dei attkjennelege, truverdige og sannferdige. Til liks med Karl Ove Knausgård dukkar han djupt ned i sitt eige liv for å skape gjenklang hos andre.

Byportrett og fotoalbum

Bergeners (2013) låner tittelen sin frå James Joyces irske novelle-klassikar Dubliners (1914). Det er nettopp novella som blir utforska i denne boka, gjennom ei rekkje forteljingar, aforismar, personportrett, essayistiske tekstar og byskildringar – ikkje berre av Bergen, men òg New York, Madrid og Berlin. Bergeners er noko lysare enn dei tidlegare bøkene til Espedal, men dei mørke innsiktene er aldri langt unna, om dei enn er presenterte i meir humoristiske former: «Jeg betrodde meg en gang til en venn (min eneste venn) og sa at jeg var ensom. Han ropte straks tilbake: Du vet ingenting om hva ensomhet er!». Boka er ikkje ein eintydig hyllest av byen Bergen, men handlar både om å lengte bort og om å lengte heim. Her portretterer han dessutan fleire forfattarkollegaar frå Bergen, mellom dei Erlend Nødtvedt og Henning H. Bergsvåg.

I Mitt privatliv (2014) har Espedal samla fotografi av kjende, kjære og nære, og av hus og rom, skrivebord, blomar og andre gjenstandar. Fotografia – som er tekne av Espedal sjølv – er følgde av korte, poetiske tekstar som gjer boka til noko meir enn eit fotoalbum. Det er ei historie her, og boka kan lesast som ein roman. Espedal har utvilsamt talent for biletkomposisjon og auge for lyssetjing, men understrekar likevel at han er amatørfotograf: «Jeg er en forfatter som fotograferer.» Samstundes går denne fotoboka rett inn i det sjølvbiografiske prosjektet hans. Fotografia viser fram ei historie som lesarar vil kjenne att frå bøkene, der personar, gjenstandar, stader, rom og bøker stig fram i ein djerv leik med autentisitet og dikting.

Kjelder

Atle Kittang, «Kunsten og det røynlege. Eksempel: Tomas Espedal, Gérard de Nerval og assyrisk voldskunst», Edda 4/2010

Bernhard Ellefsen: «Å tenke med hånden: det er dette som er å skrive», Vagant 3/2010: http://www.vagant.no/a-tenke-med-handen-det-er-dette-som-er-a-skrive/ [lesedato 26.11.2014]

Knut Hoem: «Gå. Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv», nrk.no, 28.8.2006: http://www.nrk.no/kultur/ga.-eller-kunsten-a-leve-et-vilt-og-poetisk-liv-1.1273689 [lesedato 26.11.2014]

Marta Norheim: «Kunsten å leve, livet som kunst», nrk.no, 20.9.2013:

http://www.nrk.no/kultur/bok/kunsten-a-leve_-livet-som-kunst-1.11253701 [lesedato 26.11.2014]

Peikarar

Henning H. Bergsvåg intervjuar Espedal for Bergen offentlege bibliotek i 2003

Først publisert: 13.05.2016
Sist oppdatert: 26.10.2016